Telephone Line
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Telephone Line» er ein song av Electric Light Orchestra (ELO).[2]
Remove ads
Utgjeving
Songen er det andre sporet på albumet A New World Record frå 1976 og var den siste singelen som kom ut frå albumet, fram til september 2006 då «Surrender» vart gjeven ut frå den utvida utgåva av albumet. Han vart den største singelen deira i USA og den første singelen deira som selde til gullplate i Storbritannia. Med den store suksessen ELO hadde hatt i Amerika, nytta Jeff Lynne ein amerikansk ringetone i songen.[3] Låtskrivaren Lynne sa:
« | For å få til lyden i starten, den amerikanske telefonlyden, ringde me frå England til Amerika til eit nummer vi visste nokon ville svare på, og berre lytta til det ei lita stund. På Moog-synthesizeren gjenskapte med denne lyden eksakt med å justere oscillatorane til same notar som ringinga på telefonen. | » |
Songen nådde åttandeplassen på singellista i Storbritannia[4] og sjuandeplassen i USA.[5] Songen låg på Hot 100-lista i USA i 23 veker, nesten ein månad lenger enn nokon annan ELO, song. Billboard rangerte han som den 15. beste songen i 1977.[6] I 1977 nådde songen toppen av singellista i New Zealand og Canada. ELO hadde for vane å gje ut singlane sine i forskjellige fargar, men den amerikanske versjonen kom berre i grøn utgåve.
Remove ads
Andre versjonar
Jeff Lynne spelte inn songen på ny i 2013 for eit samlealbum med andre nyinnspelte ELO-songar. Albumet vart gjeve ut som eit ELO-album.[7]
«Telephone Line» er kjenningsmelodien til filmen Joyride frå 1977 med Desi Arnaz jr., Robert Carradine, Melanie Griffith og Anne Lockhart, regissert av Joseph Ruben. Songen vart òg nytta i HBO-serien Big Love i sesong to i episoden «Vision Thing».
Songen er blitt spelt inn av det irske bandet Aslan og den franske songaren Claude François.
Remove ads
Lister
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads