Turn to Stone
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Turn to Stone» er ein song frå 1977 av Electric Light Orchestra (ELO).
Songen er opningssporet på dobbeltalbumet Out of the Blue. Det var den første singelen frå albumet. Singelen nådde 18. plassen på den britiske singellista[1] og låg 12 veker inne på lista. Av dei fire singlane på albumet, var «Turn to Stone» den einaste som nådde topp 10 i Storbritannia. Songen nådde 13. plassen på singellista i USA[2] og gjekk heilt til topps i Canada tidleg i 1978.
Songen vart skriven i Sveits, der Jeff Lynne hadde leigd ei hytte for å skrive songane for dobbeltalbumet. Lynne spelte Moog-basslinja på songen.
Den 4. november 2008 fekk Lynne BMI (Broadcast Music, Inc) Million-Air-prisen fordi «Turn to Stone» hadde blitt spelt ein million gonger på radio.
Remove ads
Kritikk
Zachary Curd i AllMusic kalla songen «i røynda ein kjærleikssong. «Turn to Stone» er orkestrert, computerisert, episk rockemusikk laga av Jeff Lynne».[3] Songen vart òg omtalt av Donald A. Guarisco som skreiv «Denne dynamiske opningslåten frå Out of the Blue ere it god døme på korleis Electric Light Orchestra blandar strykar-baserte pop-melodiar med drivand rock and roll.»[4]
I popkulturen
Songen vart nytta i Doctor Who-episoden «Love & Monsters» (2006), i lag med «Mr. Blue Sky» og «Don't Bring Me Down», som begge vart framført av karakterer i episoden.[5]
Songen vart òg nytta i filmen Detroit Rock City.
Lister
Vekeslister
Årslister
Andre versjonar
Jeff Lynne spelte inn songen på ny i 2013 for eit samlealbum med andre nyinnspelte ELO-songar. Albumet vart gjeve ut som eit ELO-album.[26]
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads