Teleskopet
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Teleskopet (frå latin Telescopium) er eit stjernebilde på den sørlege himmelhalvkula, eit av tolv skapt på 1700-talet av den franske astronomen Nicolas Louis de Lacaille.
Den mest lyssterke stjerna i stjernebiletet er Alfa Telescopii, ei blåkvit subkjempe med ein tilsynelatande storleik på 3,5, etterfølgd av ei oransje kjempestjerne Zeta Telescopii med storleiksklasse 4,1. Eta og PZ Telescopii er to unge stjernesystem med fragmentskiver og brun dverg i bane rundt seg. Teleskopet har to uvanlege stjerner med særs lite hydrogen, som truleg er eit resultat av to kvite dvergar som har smelta saman: HD 168476, òg kalla PV Telescopii, ei varm blå ekstrem heliumstjerne, medan RS Telescopii er ein R Coronae Borealis-variabel. RR Telescopii er ein kataklysmisk variabel som lyste opp til ein nova med storleiksklasse 6 i 1948.
Teleskopet grensar til Skytten og Den sørlege krona i nord, Alteret i vest, Påfuglen i sør og Indianaren i aust, og eine hjørnet grensa til Mikroskopet i nordaust.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads