Temporary Secretary

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Temporary Secretary» er ein song av Paul McCartney frå 1980 på albumet hans McCartney II. I 2013 rangerte Rolling Stone songen som den 36. beste McCartney-songen etter Beatles og kalla det ein «kultfavoritt» og «ein merkeleg, fengande electropop-gullkorn, om ein noko tvilsam fyr som prøver å hyre ein vikarierande sekretær».[1] I 2014 vart «Temporary Secretary» rangert som den 167. beste songen gjennom tidene av kritikarane i magasinet NME. Dei skildra han som «ustabil electropop som høyrdest like mykje ut som han var føre si tid som han var utdatert.»[2]

Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...

«Temporary Secretary» kom ut som den tredje singelen frå albumet, og berre på 12-tommar, i lag med den ti minuttar lange «Secret Friend» som B-sida. Singelen var avgrensa til 25 000 eksemplar, og gjekk derfor ikkje inn på lista nokon stad.[3] Songen vart først framført på scenen tretti år seinare i O2 Arena i London den 23. mai 2015.[4]

Remove ads

Innhald

12"-singel (12 R 6039)
  1. «Temporary Secretary» — 3:13
  2. «Secret Friend» — 10:30

Medverkande

Andre versjonar

  • 2005 — Den meksikanske gruppa Los Fancy Free på albumet Out of Place
  • 2011 — Det tyske jentebandet Damenkapelle på albumet Damenkapelle (aus München).
  • 2015 — Darkstar og Hayden Thorpe (frå Wild Beasts[5]

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads