Ebony and Ivory

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Ebony and Ivory» er ein song frå 1982 av Paul McCartney og Stevie Wonder. Songen kom ut på singel 29. mars 1982 og månaden etter på McCartney-albumet Tug of War. Songen omhandla raselikskap og gjekk til topps både i Storbritannia og i USA.[1][2] I 2013 rangerte Billboard Magazine songen på 69. plassen på lista si over tidenes hittar på Billboard Hot 100-lista.[3]

Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...
Remove ads

Bakgrunn

På det enklaste nivået handlar songen om dei svarte (ebony) og kvite (ivory) tangentane på eit piano, men omhandlar òg integrering og raseharmoni på eit djupare, menneskeleg nivå. Det som inspirerte McCartney for tittelen var då Spike Milligan sa «svarte tangentar, kvite tangentar, for å skape harmoni må dei spele i lag, folkens!».[4] Talemåten er mykje eldre og vart popularisert av James Aggrey i 1920-åra, men har vore i bruk sidan minst 1840-åra.[5]

McCartney skreiv songen aleine og han vart framført live i studio av McCartney og Wonder, men dei arbeidde til forskjellige tider. Dei spelte heller ikkje inn musikkvideoen i lag samstundes, fordi dei var opptekne og ikkje fekk planane til å gå i hop (som McCartney forklarer i kommentarane for DVD-boksen The McCartney Years ).

Det vart òg laga ein musikkvideo for soloversjonen av songen.[6]

B-sida til singelen var songen «Rainclouds», skriven av Paul McCartney og Denny Laine, sjølv om dei første utgåvene av singelen berre trykte namnet til McCartney.[7]

Uttrykket «Keyboard, Oh Lord! Why Don't We?» vart nytta som tittelen på det tredje albumet til det norske stoner rock-bandet Thulsa Doom.

«Ebony and Ivory» vart forbode i Sør-Afrika av South African Broadcasting Corporation under apartheid-tida, den einaste solosongen til McCartney som vart forboden. Den offisielle årsaka var at Stevie Wonder tok i mot Oscarprisen i 1984 for beste song «til ære for Nelson Mandela».[8][9]

Remove ads

Innhald

7"-singel (R 6054)
  1. «Ebony and Ivory» – 3:41
  2. «Rainclouds» – 3:47
12"-singel (12R 6054)
  1. «Ebony and Ivory» – 3:41
  2. «Rainclouds» – 3:47
  3. «Ebony and Ivory» (soloversjon) – 3:41

Medverkande

Salslister

Meir informasjon Liste (1982), Plassering ...
Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads