Terai

From Wikipedia, the free encyclopedia

Terai
Remove ads

Terai (nepali तराई, tarāī) er eit belte med myrlendte grassletter, savannar og skogar sør i dei ytre lågberga i Himalaya, Siwalik og Det nordindiske låglandet kring Ganges, Brahmaputra og sideelvane deira. Terai ligg innanfor økoregionen Terai-Duar savanne og grassletter. I det nordlege India spreiar Terai seg austover frå Yamunaelva over Himachal Pradesh, Haryana, Uttarakhand, Uttar Pradesh og Bihar. Områda i Vest-Bengal, Bangladesh, Bhutan og Assam aust for Brahmaputra vert kalla Dooars.[1] Dei lågtliggande slettene i Terai ligg i ei høgd mellom 67 og 300 meter over havet. Nord for Terai stig Bhabhar, eit smalt men samanhengande skogbelte som er kring 8-12 km breitt.[2]

Thumb
Flyfoto av sletter i Terai nær Biratnagar i Nepal.
Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads