Terje Andersen

norsk skeiseløpar og idrettsleiar From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Terje Andersen (fødd 4. mars 1952) er ein norsk tidlegare skeiseløpar og idrettsleiar frå Tønsberg i Vestfold. Han vann bronsemedaljen på 1500 meter under Vinter-OL 1980. Andersen var president i Norges Skøyteforbund mellom 1997 og 1999 og perioden 2003-07.

Kjappe fakta
Remove ads

Aktiv

Andersen representerte Noreg i to internasjonale allround-meisterskap. I europameisterskapen 1973 vann han 500-meteren, men klarte ikkje å kvalifisere seg til 10 000 meter. To år seinare deltok han i verdsmeisterskapen i Oslo, der han enda på tolvteplassen.

Sidan konsentrerte han seg om dei kortare distansane. Ved Vinter-OL 1976 i Innsbruck vart han nummer 16 på 1000 meter og nummer 15 på 1500 m. Åra 1978 til 1981 deltok han i samtlege verdsmeisterskap i sprint-firkamp, kom på sjetteplass i 1978 og fjerdeplass i 1981.

Høgdepunktet for Andersen kom då han sikra seg bronsemedaljen på 1500 m ved Vinter-OL 1980Lake Placid. På 1000-meteren vart han nummer 12.

Han var medlem i Tønsberg Turnforening og til sist Holmestrand og Botne Skøyteklubb.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads