Termobarisk bombe
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Termobarisk bombe eller aerosolbombe, òg kalla FAE-bombe (frå engelsk fuel-air explosive) er ei sprenglading der eit brennstoff vert spreidd som aerosol i lufta. Brennstoffet tek deretter fyr og reagerer med surstoffet i lufta. Bomba gjer seg soleis nytte av oksygenet i lufta og skil seg dermed frå konvensjonelt sprengstoff som sjølv inneheld oksygen. Termobariske bomber har difor eit høgare energiinnhald per masse-einiing enn vanlege bomber. Termobariske våpen gjev ei kraftig trykkbølge, men få eller ingen fragment (splintar).

Ei termobarisk bombe inneheld normalt to sprengladingar; fyrst ei mindre, som spreier brenselet i lufta, deretter ei ny lading som tenner dette brennstoffet.
Remove ads
Utvikling
Dei fyrste forsøka med sprengning av slike bomber vart gjorde under andre verdskrig i 1944 av Tyskland under leiing av Mario Zippermayr. Under dei tyske prøvesprengningane var kolpulver nytta, blanda med flytande surstoff.[1]
Bruk
Termobariske bomber har mellom anna vore brukt av Russland i Tsjetjsenia på 1990-talet[2] og av USA under Irak-krigen og i Afghanistan. Den største nytta av slike bomber er mot mål som personell gøymde inne i fjellhôler, tunnelar og bunkerar utan dører på grunn av forsterka trykkbølge og på grunn av at alt surstoff vert oppbrukt i området.
Sjå òg
- GBU-43/B
- Klasebombe
- Molotovcocktail
Referansar
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads