Oksygen
grunnstoff med kjemisk symbol O og atomnummer 8 From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Oksygen, eldre òg surstoff eller nøre, er eit grunnstoff med kjemisk symbol O og atomnummer 8. Det høyrer til ikkje-metalla, og ligg i gruppe 16 i det periodiske systemet. Grunnstoffet har to allotrope former, oksygengass (O2) og ozon (O3). Oksygenmolekylet er vanlegvis paramagnetisk, men diamagnetisk former finst.
Remove ads
Særlege kjenneteikn
Oksygen er elektronegativt. Som dioksygen, O2, er oksygen ein fargelaus, luktfri gass. I væskeform er stoffet svakt blåfarga. Molekylet er ikkje polart. Oksygengass er lite løyseleg i vatn.
Ozon er ein termodynamisk ustabil diamagnetisk gass med sterk lukt.
Bruk
Historie
Oksygen vart oppdaga på 1700-talet. Joseph Priestley, Carl Wilhelm Scheele og Antoine Lavoisier var med på dette.
Biologisk rolle
Oksygengass vert danna under fotosyntesen, og er viktig for dyr og menneske.
Førekomst og framstilling
Oksygen er det vanlegaste grunnstoffa på jorda. Jordatmosfæren inneheld om lag 21 % oksygengass og nesten halvparten av alle atom i jordskorpa er oksygenatom. I jordskorpa finst grunnstoffet særleg som SiO2. I tillegg finst store mengder bundne i vatn (H2O). Mange syrer og basar inneheld oksygen.
Oksygen vert vanlegvis framstilt ved fraksjonell destillering av luft. I laboratoriet er det mogleg å framstilla gassen på fleire måtar.
Remove ads
Kjemi og sambindingar
Sidan oksygenatomet er lite og dannar sterke dobbeltbindingar, får det ikkje meir enn fire kovalente bindingar.
Nesten alle grunnstoff reagerer med O2-molekylet anten ved romtemperatur eller ved oppvarming. Det er derfor ein viktig reagens.
Oksygen er med i mange sambindingar, både organiske og uorganiske. Alkoholar, aldehyd og karboksylsyrer er eksempel på organiske sambindingar. Elles er oksygen mellom anna med i oksid (til dømes karbondioksid (CO2), Hydrogenperoksid (H2O2) og vatn (H2O).
Oksid kan vera sure, basiske eller amfotære avhengig av kva andre grunnstoff dei inneheld.
Remove ads
Isotopar
Tryggleik
Ozon er giftig.
Sjå òg

Kjelder
- Geoff Rayner-Canham: Descriptive Inorganic Chemistry 2.ed. New York, 2000
- Webelements - informasjon om oksygen på engelsk
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads