Tersamisk

samisk språk From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Tersamisk er eit samisk språk som blir, eller vart, snakka på Kolahalvøya i dei austlege delane av Murmansk oblast i Russland. Det er rekna som eit døyande språk med berre to eldre talarar (2010). Tersamisk høyrer til dei austsamiske språka, og dei næraste slektningane er enaresamisk, skoltesamisk, kildinsamisk og akkalasamisk.

Kjappe fakta

Språket er blitt noko studert gjennom lydopptak, nedskrifter og tospråklege ordbøker, men det er ikkje utvikla noko standardisert skriftspråk eller nokon grammatikk.[1]

Remove ads

Status

Tersamisk har vore eit språk i nedgang dei siste tiåra, då dei fleste tersamane har gått over til russisk. Tidleg på 1990-talet hadde språket seks eldre talarar, på 2000-talet var det berre to att.[2]

Nedgangen til tersamisk blei framskunda av sovjetisk kollektivisering og språkpolitikk der tersamisk blei forbode å nytta i heimar og skular på 1930-talet. Innbyggjarane i den største av dei seks landsbyane der ein tala språket, Jokanga, blei flytta til den lukka byen Gremikha (no Ostrovnoj).[2]

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads