Tesla, Inc.

From Wikipedia, the free encyclopedia

Tesla, Inc.
Remove ads

Tesla, Inc.[5] (tidlegare Tesla Motors, Inc.) er eit amerikansk bil-, programvare- og energiselskap. Selskapet er oppkalla etter Nikola Tesla, som var ein verdskjend ingeniør.

Kjappe fakta Bransje, Skipa ...

Tesla produserer elektrisk drivne bilar, solcellepanel, og batteripakkar til kommersiell og privat bruk. Dei utviklar òg programvarer til bilar og solcellepanel. (fordeler straum mellom batteri og straumnettet).

Per mars 2022 hadde selskapet den største marknadsverdien blant alle bilprodusentane i verda, med ein verdi på 1130 milliardar amerikanske dollar.[6] Det gjer selskapet til det sjette mest verdifulle selskapet i verda.

Remove ads

Soge

Det var ingeniørane Martin Eberhard og Marc Tarpenning som skipa verksemda i 2003 i San Carlos, California. I 2004 engasjerte Elon Musk seg i selskapsdrifta med finansiell bistand frå blant Sergey Brin og Larry Page.

I 2006 lanserte dei tosetaren Tesla Roadster som vart bygd hjå Lotus i England. I 2012 kom Tesla Model S, ein stor sedan med 5-7-sete. Den tredje modellen var Tesla Model X (2015–), ein SUV med firehjulsdrift. Den fjerde modellen var Tesla Model 3 (2018–) som var ein litt mindre, knappelaus utgåve, bygd på eit understell som òg vart brukt i Tesla Model Y (2020–).

Tesla Semi Truck er ein elektrisk lastebil under utvikling som skal ha somme revolusjonerande tekniske spesifikasjonar. Han skal mellom anna ha ei rekkjevidde på anten 300 miles (482 km) eller 500 miles (804 km), ein akselerasjon frå 0-60 mph (0-96.5 km/h) på 5 sekund (utan last), vera rimelegare i drift og kraftigare enn samanliknbare dieseltruckar. Mange kommersielle aktørar har bestilt Tesla Semi Truck, mellom anna Posten Noreg.[7]

Tesla Cybertruck vart lansert den 21. november 2019 Lanseringa bringa mykje merksemd av di den iaugefallande utsjånaden til bilen, men mest etter ein flause der eit vindauge på bilen knuste då sjefdesignar hos Tesla, Franz von Holzhausen, kasta ein stålball mot han for å demonstrera kvar solid glaset var. Tesla skildrar trucken som eir køyretøy med «betre funksjonalitet enn ein pick-up, og med meir yting enn ein sportsbil». Ifylgje Tesla skal han kunna akselerera frå 0-60 mph på 2.9 sekund, ha ei rekkjevidde på opptil 500 miles (804 km) og kunne taua meir enn 6,35 tonn.[8] Per mars 2022 vert det sagt at dei fyrste eksemplara av Cybertruck kan verta leverte i slutten av 2022.[9]

Thumb
Fabrikken «Giga Texas».

Det meste av bilproduksjonen finn ein i Fremont, California. Selskapet lagar òg batteri og andre delar ved fabrikken «Giga Nevada», som vart bygd i 2014.[10] Batteriproduksjonen hender òg ved «Giga New York» som vart opna i 2017. Tesla har òg ein fabrikk i Kina kalla «Giga Shanghai» som byrja produksjonen av Model 3 mot slutten av 2020.[11]

Batterifabrikken «Giga Berlin» var hausten 2020 venta å opna i 2021.[12] Fabrikken i Berlin vart likevel først opna den 22. mars 2022[13] Hausten 2020 var det òg forventa at Tesla Cybertruck og Tesla Semi skulle lagast ved «Giga Texas» i Austin. Fabrikken var venta å opna i slutten av 2021, men vart utsett, og vart innvigd den 8. april 2022.[14]

Remove ads

Noreg

I februar 2018 var det registrert 22 000 Tesla-bilar i Noreg, og 8 460 av desse var nye i 2017. I februar 2018 hadde Tesla 11 servicesenter og 14 mobile verkstadar i Noreg.[15]

I 2019 var Tesla Model 3 den mest selde bilen i Noreg, med 15 683 nye registreringar. I 2020 vart Tesla Model 3 nest mest selde bilmodell i landet, med 7770 einingar. Den 9. mars 2020 vart Tesla-bil nr. 50 000 registrert i Noreg.[16]

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads