That’s How You Write a Song

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«That's How You Write a Song» ('det er slik du skriv ein song') er ein norsk popsong som er skriven og framført av Alexander Rybak. Songen vart sloppen for digitalt sal og strøyming 15. januar 2018. «That's How You Write a Song» vann Melodi Grand Prix 2018 og var det norske bidraget til Eurovision Song Contest 2018 i Lisboa.[1][2] Der enda songen som nummer 15 av 26 i finalen.

Meir informasjon Låtskrivar(ar) ...
Remove ads

Melodi Grand Prix

Thumb
Alexander Rybak framfører «That's How You Write a Song» under finalen i Melodi Grand Prix 2018 i Oslo Spektrum.

Rybak sende inn «That's How You Write a Song» til Melodi Grand Prix 2018, og av over 1 200 innsende bidrag vart songen plukka ut som eit av ti bidrag til finalen i Melodi Grand Prix i Oslo laurdag 10. mars 2018. Songen vart sloppen for strøyming og sal under ein pressekonferanse på NRK Marienlyst 15. januar 2018.[3]

«That's How You Write a Song» var det tiande og siste bidraget ut på scena av ti finalistar i Melodi Grand Prix. I vekene før finalen segla «Who We Are» opp som den store favoritten hos spelselskapa og den norske Grand Prix-klubben, medan «That’s How You Write a Song» låg som nummer to.[4][5] «Moren din» av Vidar Villa var likevel den mest spelte låten av deltakarane på strøymetjenesta Spotify med over éin million avspelingar dagen før finalen i Melodi Grand Prix. «That's How You Write a Song» var berre den femte mest strøymde låten med litt over 150 000 avspelingar.[6]

I finalen i Melodi Grand Prix kjempa dei to førehandsfavorittane «Who We Are» og «That's How You Write a Song» til slutt i ein gullduell, der Rybak fekk flest røyster og vann tevlinga. Dette var andre gongen Rybak vann Melodi Grand Prix, etter å ha vunne med «Fairytale» ni år tidlegare.

Remove ads

Eurovision Song Contest

Thumb
Alexander Rybak framfører «That's How You Write a Song» under ei av prøvene før den andre semifinalen i Lisboa i 2018.

Etter å ha vunne den norske finalen, var «That's How You Write a Song» det norske bidraget til Eurovision Song Contest i Lisboa i mai 2018. Songen deltok i den andre semifinalen torsdag 10. mai, og var det fyrste bidraget ut på scena den kvelden. «That's How You Write a Song» var også bidrag nr. 1 500 som har opptredd i Eurovision Song Contest.[7] Songen vann semifinalen og kvalifiserte seg til finalen laurdag 12. mai.

I finalen var songen det sjuande bidraget ut på scena. Til slutt enda «That's How You Write a Song» på ein 15. plass av 26 finalistar.

Remove ads

Om songen

«That's How You Write a Song» er ein popsong med engelsk tekst. Songen inneheld scatting, oppkonstruerte stavingar og lydar som skal etterlikna instumentlydar. Rybak spelar òg fele i siste halvdel av songen.

I teksta syng Rybak om at det ikkje er vanskeleg å skrive ein song, og at ein berre må føle det og syngje på melodien heile dagen lang.[8]

Listeplasseringar

Trass ein klår siger i Melodi Grand Prix, nådde ikkje vinnarlåten høgare enn ein 28. plass på norske VG-lista. Dette var den dårlegaste toppnoteringa til ein MGP-vinnerlåt sidan 2014. Etter finalen i Eurovision Song Contest fekk likevel «That's How You Write a Song» nok strøymingar på tenester som Spotify og YouTube til at songen oppnådde platinastatus i september.[9] Per 11. september 2018 hadde låten 6,3 millionar strøymingar på Spotify – det lågaste strøymetalet til ein MGP-vinnar sidan «Stay» i 2012.[10][11]

Meir informasjon Liste (2018), Høgaste plassering ...
Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads