Melodi Grand Prix 2009

47. utgåve av NRKs songtevling From Wikipedia, the free encyclopedia

Melodi Grand Prix 2009
Remove ads

Melodi Grand Prix 2009 var den 47. utgåva av Melodi Grand Prix, Noregs nasjonale uttaking til Eurovision Song Contest. 21 songar deltok i tre delfinalar og Siste sjanse. Av desse kom åtte til finalen 21. februar 2009 i Oslo Spektrum. Den suverene vinnaren blei «Fairytale», framført og skriven av Alexander Rybak. Han representerte Noreg i Eurovision Song Contest 2009 i Moskva, der han vann andre semifinale og kvalifiserte seg til finalen. «Fairytale» vann også finalen, og dette var Noregs tredje siger i Eurovision Song Contest. Dei to førre var i 1985 og 1995.

Kjappe fakta Melodi Grand Prix 2009, Dato ...
Remove ads

Sendingane

For fjerde år på rad bestod Melodi Grand Prix av tre delfinalar, Siste sjanse og ein finale. 21 songar deltok i tevlinga, noko som var ny rekord. Det var sju songar i kvar delfinale, og dei to beste gjekk rett til finalen i Oslo Spektrum laurdag 21. februar. Tredje- og fjerdeplassane og to av dei utslåtte låtane fekk ei ny moglegheit i Siste sjanse laurdag 14. februar. NRK produserte sendingane i samarbeid med produksjonsselskapet Dinamo Story, og prosjektleiar Stian Malme i NRK sa at dei ønskte å gjere tevlinga større, proffare og meir populær.[1]

Låtar og deltakarar

Det kom inn 350 bidrag i den opne konkurransen, og NRK kravde at minst 50 prosent av bidraget måtte vere skriven av nordmenn.[2] Fleire kjende musikarar sende inn låtar, blant dei var Trond Andreassen frå Ricochets og Mariann Thomassen frå Surferosa som begge meinte at Melodi Grand Prix var blitt meir stovereint og «mykje betre» dei siste åra.[3] Musikarar som Marte Wulff, Simone Larsen og Christian Ingebrigtsen var også blant låtskrivarane.

Blant artistane var det ikkje like mange kjende, men Wenche Myhre var attende for første gong sidan 1992. Bandet Surferosa, den tidlegare barnestjerna Anita Hegerland og Idol-deltakaren Tone Damli Aaberge var andre kjende andlet i startfeltet.

Delfinalane og ny Siste sjanse

Dei tre delfinalane blei arrangerte i Kongsvingerhallen i Kongsvinger, Bodø Spektrum i Bodø og Skien fritidspark i Grenland. Siste sjanse blei arrangert i Sunnmørshallen i Ålesund. Per Sundnes og fjorårets vinnar, Maria Haukaas Storeng, var programleiarar for alle sendingane.

Dette året gjorde NRK om på Siste sjanse. Sendinga blei ei stor direktesending på linje med delfinalane, og med åtte deltakarlåtar. Dette var tredje- og fjerdeplassane i dei tre delfinalane. I tillegg røysta VGs lesarar fram eit av dei utslåtte bidraga, medan den siste songen var den som hadde fått flest telefonrøyster av dei resterande utslåtte bidraga. Bidraget «Alt har en mening nå» var ikkje med i denne røystinga, fordi Wenche Myhre hadde ein spelejobb som kolliderte med Siste sjanse.[4] Dei åtte songane i Siste sjanse kjempa mot kvarandre i ein cupduell, og til slutt stod to bidrag igjen. Dei slo følgje med første- og andreplassane i kvar delfinale, slik at det til saman blei åtte songar i finalen.

Resultatet i alle delfinalane og Siste sjanse blei avgjort av sjåarane sine røyster. I finalen røysta sjåarane fram fire låtar til gullfinalen. Resultatet i gullfinalen blei avgjort av tre fagjuryar i kombinasjon med telefon- og SMS-røystene. I røystinga i gullfinalen knuste Alexander Rybak all motstand og fekk over seks gonger fleire røyster enn andreplassen. Dette er den mest knusande sigeren i Melodi Grand Prix si historie.[5]

Remove ads

Resultatet i finalen

Oslo Spektrum, Oslo, laurdag 21. februar 2009

Første runde

Meir informasjon Nr., Tittel ...

Gullfinale

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Remove ads

Røysting i finalen

Dei fire mest populære songane i første runde gjekk vidare til gullfinalen. Det fulle resultatet frå første runde blei aldri offentleggjort, og gullfinalistane blei presenterte i tilfeldig rekkjefølgje. I gullfinalen blei resultatet avgjort av ei blanding av fagjuryar og sjåarane sine telefonrøyster. Dei tre delfinalebyane og Siste sjanse-byen hadde kvar sin fagjury som gav 2 000, 4 000, 6 000 og 8 000 poeng til dei fire gullfinalistane. Etter fagjuryane blei telefon- og SMS-røystene presenterte. Røystene blei delte inn i fem geografiske regionar ut frå kor i landet røystene blei gitt. Kvar røyst talde eitt poeng. Poenga for landsdelane under motsvarar dermed talet på mottatte telefon- og SMS-røyster.[6]

Meir informasjon Nr., Tittel ...

Delfinalane

Delfinale 1

Kongsvingerhallen, Kongsvinger, laurdag 24. januar 2009

Meir informasjon Nr., Tittel ...

* «Party» var ikkje blant dei fire beste, men fekk likevel ei ny moglegheit i Siste sjanse sidan låten hadde flest røyster blant dei åtte utslåtte låtane i dei tre delfinalane som var med i røystinga.

Delfinale 2

Nordlandshallen, Bodø, laurdag 31. januar 2009

Meir informasjon Nr., Tittel ...

Delfinale 3

Grenlandshallen, Skien, laurdag 7. februar 2009

Meir informasjon Nr., Tittel ...

** «Do It Again» var ikkje blant dei fire beste i Delfinale 3, men fekk likevel ei ny moglegheit sidan VGs lesarar røysta han fram som siste bidrag til Siste sjanse laurdagen etter.

Siste sjanse

Sunnmørshallen, Ålesund, laurdag 14. januar 2009

Meir informasjon Nr., Tittel ...

Resultatet av Siste sjanse

Runde 1 Runde 2 Til finalen
                   
         
  «Party» – KeSera med Anita Hegerland Ute
 
  «Two of a Kind» – Espen Hana Vidare  
  «Two of a Kind» – Espen Hana Vinnar
 
    «U Look Good» – Surferosa Ute  
  «(Like You Did) Yesterday» Janni Santillan Ute
 
  «U Look Good» – Surferosa Vidare  
  «Two of a Kind» – Espen Hana
 
    «Te stein» – Publiners
  «Carrie» – Sunny Ute
 
  «Te stein» – Publiners Vidare  
  «Te stein» – Publiners Vinnar
 
    «Shuffled» – Jane Helen Ute  
  «Do It Again» – Foxy Ute
  «Shuffled» – Jane Helen Vidare  
Remove ads

Hendingar

Rybaks storsiger

Den store snakkisen dette året var Alexander Rybak og «Fairytale». Rybak blei utropt til favoritt allereie før første delfinale, og då låtane blei slopne, fauk «Fairytale» til topps på alle veddemålslister, fan-rangeringar og internettrøystingar.[7][8]

Alexander Rybak deltok i den tredje delfinalen i Skien laurdag 7. februar. Der stilte han med kvit skjorte, svart vest og med den ikoniske fela si. Med seg på scena hadde han tre dansarar frå fridansgruppa Frikar og to koristar. Etter delfinalen gjekk «Fairytale» rett inn på ein 3. plass på VG-lista, og i finaleveka gjekk låten heilt til topps. Dette var første gong ein Melodi Grand Prix-låt toppa VG-lista før sjølve finalen.

I den norske finalen vann Rybak den mest knusande sigeren i Melodi Grand Prix nokon gong, og plateselskapa kom raskt på bana for å sikre seg kontrakt med Alexander Rybak. «Fairytale» blei liggjande på topp på VG-lista i åtte strake veker. Til saman låg låten heile 22 veker på lista, med ti veker som nummer ein. Dette er den største suksessen til ein norsk vinnar nokon gong.[9][10]

Protestar og sjåarsuksess

Før finalen reagerte fleire av deltakarane sterkt på det dei meinte var urettvis handsaming av låtane. Det toppa seg då NRK brukte Tone Damli Aaberges «Butterflies» som kjenningsmelodi for VM-sendingane til Ski-VM i dagane før finalen i Oslo.[11] Espen Hana meinte det var lite gjennomtenkt av NRK og sa: «Det er helt hårreisende at NRK ikke skjønner selv at dette blir helt feil i forhold til de andre finalistene».[11] Også vinnaren Alexander Rybak meinte tevlinga var urettferdig og fekk støtte av 79 prosent av lesarane i ei røysting på VG Nett.[12] For å bøte på kritikken og for å gjøre det likt for alle finalistane, valde NRK å trekkje startrekkjefølgja i finalen. Dette blei gjort direkte på NRK2-programmet I kveld fire dagar før finalen.[13]

Oslo Spektrum var nærast utseld før finalen, og under sendinga var det ein ekstatisk stemning i salen, noko programleiarane peikte på fleire gonger.[6] Under røystinga nådde stemninga høgdepunktet sitt, då Alexander Rybak vann ein knusande siger over konkurrentane. Sendingane blei også store sjåarsuksessar, og 1 519 000 sjåarar fekk med seg finalen. Dette er framleis det høgaste sjåartalet for ein norsk finale sidan dei moderne tv-meter-målingane starta hausten 1992.[14] Sjåartala for delfinalane passerte også millionen, med høvesvis 1 032 000, 1 085 000 og 1 010 000 sjåarar. Siste sjanse samla 1 028 000 sjåarar.[15] Også pressa var positiv og meinte tevlinga hadde gjort et solid comeback og var blitt moro igjen.[16]

Remove ads

Fotnotar

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads