The Battle of Evermore
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«The Battle of Evermore» er ein folkrocksong av det engelske rockebandet Led Zeppelin på det fjerde albumet deira, som kom ut i 1971. Instrumenta på songen består av akustiske gitarar og mandolin.
Remove ads
Oversyn
Melodien vart skriven av gitarist Jimmy Page i Headley Grange då han eksperimenterte med mandolinen til bassist John Paul Jones.[1][2] Som Page forklarte i 1977:
« | «Battle of Evermore» vart laga der og då av Robert [Plant] og meg sjølv. Eg berre tok opp mandolinen til John Paul Jones, for eg hadde aldri spelt mandolin før, og skreiv akkordane og heile songen på ein kveld.[3] | » |
Vokalist Robert Plant hadde nyleg lese om skotske segner og dette inspirerte han til å skrive teksten til songen.[1] Songen, som fleire andre av bandet, inneheld referansar til Ringenes herre av J.R.R. Tolkien. Plant følte han trengde ei anna stemme for å fortelje historia og for innspelinga vart visesongaren Sandy Denny invitert til å synge ein duett med Plant. Denny hadde tidlegare sunge i den britiske folkrockgruppa Fairport Convention, som Led Zeppelin hadde halde konsertar i lag med i 1970 på Bath Festival of Blues and Progressive Music. Plant spelte rolla som forteljar og Denny representerte utroparen. Page forklarte:
« | Songen høyrest ut som ein gammal engelsk instrumental i starten. Så vert det ein vokal song og Robert gjorde sin bit. Til slutt fann me ut at me ville ta inn Sandy og gjere ei kall-og-svar-liknande sak.[3] | » |
Som takk fekk Denny eit eige symbol på plateomslaget med tre pyramidar (dei fire medlemmane i Led Zeppelin hadde kvart sitt symbol på albumet). Dette er den einaste Led Zeppelin-songen med gjestevokal. I eit intervju i 1995 sa Plant:
« | Det var stort for meg å synge med Sandy Denny. Me var alltid gode vener i den perioden med Fairport Convention. Richard Thompson er ein ypparleg gitarist. Sandy og eg var vener og det var nesten opplagt å bed om å synge på «The Battle of Evermore». Han leid under nativitet og barnslegheit - eg var berre 23 - men me vinn det att i samanhengen i stemmene og i spelinga.[4] | » |
«The Battle of Evermore» vart framført på Led Zeppelin-konsertane i 1977. På desse framføringane song Jones vokalen til Denny med Plant og spelte akustiske gitar ,medan Page spela mandolin. Stundom song trommeslagar John Bonham vokalen til Denny i staden for Jones. Page and Plant spela òg inn ein versjon av songen i 1994 for albumet No Quarter: Jimmy Page and Robert Plant Unledded. Songaren Najma Akhtar song då Sandy Denny sin del.
Fairport Convention framførte «The Battle of Evermore» med Robert Plant og Kristina Donahue på Fairport's Cropredy Convention den 9. august 2008. Robert Plant og Alison Krauss spela ofte «The Battle Of Evermore» på turneen sin i USA og Europa våren og sommaren 2008.[5]
Lovord
(*) usortert liste.
Remove ads
Medverkande
Andre versjonar
|
|
Konsertversjonar
- 2007-2008: Deborah Bonham
- 2008: Robert Plant & Alison Krauss
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads