The Busker
maltesisk musikkgruppe From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
The Busker er eit maltesisk indiepopband som blei skipa i 2012. Bandet består av David «Dav.Jr» Grech, Jean Paul Borg og Sean Meachen. I februar 2023 vann gruppa den maltesiske songtevlinga Malta Eurovision Song Contest 2023 med låten «Dance (Our Own Party)». Som vinnarar representerte dei Malta i Eurovision Song Contest 2023.
Remove ads
Bakgrunn
The Busker blei skipa i oktober 2012 som ein duo beståande av vokalist og gitarist Dario Genovese og perkusjonist Jean Paul Borg.[1] To år etter kom bassist og keyboardist David Grech og saksofonist Sean Meachen med i bandet. Dei er inspirert av band frå 1960-åra, som The Beatles og The Beach Boys. Gruppa byrja å få merksemd på Malta, då dei posta coverversjonar og originalmusikk på YouTube.[1] Debutalbumet Telegram blei sloppe i 2017, etterfølgt av Ladies and Gentlemen året etter. Genovese forlot gruppa i 2021, og sidan har The Busker bestått som ein trio.[2][3]
I november 2022 blei The Busker stadfesta som ein av 40 deltakarar i Malta Eurovision Song Contest 2023, den maltesiske uttakinga til Eurovision Song Contest.[4] Bandet deltok med songen «Dance (Our Own Party)» og kvalifiserte seg til finalen laurdag 11. februar 2023.[5] I finalen fekk dei flest poeng frå juryane og sjåarane, og fekk dimed retten til å representere Malta i Eurovision Song Contest 2023 i Liverpool.[6] Bandet deltok i den fyrste semifinalen tysdag 9 mai 2023. Der enda dei enda på sisteplass og kvalifiserte seg ikkje til finalen.[7]
Remove ads
Medlemmar
- Noverande
- David «Dav.Jr» Grech – vokal, bass, keyboard
- Jean Paul Borg – trommar
- Sean Meachen – saksofon
- Tidlegare
- Dario Genovese – vokal, gitar
Diskografi
Studioalbum
- 2017 – Telegram
- 2018 – Ladies and Gentlemen
EP-ar
- 2021 – X
Referansar
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads