The Clapping Song
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«The Clapping Song» er ein amerikansk song skriven av Lincoln Chase og opphavleg arrangert av Charles Callello og spelt inn av Shirley Ellis i 1965. «The Clapping Song» inneheld tekst frå songen «Little Rubber Dolly»,[1] frå 1930-talet, spelt inn av Light Crust Doughboys, og instruksjonar for ein klappeleik.
Songen blei gjeven ut kort tid etter at Shirley Ellis hadde gjeve ut «The Name Game». Han selde over ein million eksemplar, og nådde åttandeplassen på singellista i USA[2] og sjetteplassen i Storbritannia.[3]
Songen vende attende til topplistene i 1982, då versjonen til Belle Stars nådde 11. plass i Storbritannia.[3] Denne versjonen nådde ikkje topplistene i USA, men ein annan versjon av Pia Zadora nådde 36. plassen der i 1983.[4]
Remove ads
Coverversjonar
Det er laga fleire coverversjonar av songen:
- Gary Glitter på tre album: Glitter i 1972, Glam Years 1991 og Gary Glitter i 1995
- Meksikanske Yuri spelte inn ein spansk versjon i 1980 med tittleen «Bailad (The Clapping Song)»
- Skotske Ian Cussick gav ut songen som singel i 1981, frå albumet Hypertension
- The Belle Stars spelte inn songen i 1982
- Pia Zadora spelte inn songen i 1983
- Aaron Carter gav ut ein versjon av songen på albumet Aaron's Party (Come Get It) frå 2000. Det blei laga ein musikkvideo til han.
- Lil' Kim framførte songen i rolla som Shirley Ellis i NBC-dramaet American Dreams i 2003, og dansa til songen på ABC-showet Dancing With The Stars i 2009
- Mother and The Addicts gav ut ein coverversjon av songen som ei B-side til singelen «Who Art You Girls?» i 2004
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads