The Faust Tapes

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

The Faust Tapes er det tredje studioalbumet til den tyske krautrockgruppa Faust, utgjeve in 1973. Albumet selde godt i Storbritannia, kring 60 000 eksemplar,[2] hovudsakleg på grunn av eit marknadsføringstriks av Virgin Records, som sette prisen ned til prisen av ein singel.[1] Dette eksponerte plata for eit britisk publikum, men hindra at albumet fekk gå inn på albumlista.

Meir informasjon Faust-kronologi ...
Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...

Recommended Records gav ut albumet på LP i 1980, og på CD i 1996 og 2001.

The Faust Tapes består av segment av songar vove inn i kvarandre i delar spreidd ut over dei to LP-sidene.[1][3]

Remove ads

Bakgrunn

Det førre selskapet til Faust var Polydor Tyskland, og då dei klaga over at det andre albumet til Faust, Faust So Far (1972), ikkje var kommersielt nok, signerte produsenten til gruppa, Uwe Nettelbeck, ein kontrakt med Virgin Records i London i staden. Ein del av avtalen mellom Nettelbeck og Virgin var at han skulle gje Virgin lydbanda han hadde med musikk Faust hadde arbeidd på sidan So Far «heilt gratis», og at Virgin skulle gje ut ei plate med så låg pris som mogeleg. Resultatet var The Faust Tapes, eit heilt album, som vart selt til 49 pence.[4]

Remove ads

Ettermæle

I 1998 sette The Wire albumet The Faust Tapes på lista si kalla «Hundre plater som sette verda i brann (medan ingen høyrde etter)».[5]

Innhald

LP-utgåva

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...

CD-utgåva frå 2001

Meir informasjon Nr., Tittel ...

Medverkande

Faust

  • Werner «Zappi» Diermaier – trommer
  • Hans Joachim Irmler – orgel
  • Arnulf Meifert – trommer
  • Jean-Hervé Péron – bassgitar, vokal på «J'ai Mal Aux Dents», «Der Baum» & «Chère Chambre»
  • Rudolf Sosna – gitar, klaverinstrument, vokal på «Flashback Caruso» & «Stretch Out Time»
  • Gunter Wüsthoff – synthesiser, saksofon

Produksjon

  • Kurt Graupner – lydteknikar
  • Uwe Nettelbeck – produsent, plateomslag, vokal på «Exercise – With Voices»
Remove ads

Salstrofé

Meir informasjon Region, Salstrofé ...

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads