The Papas & The Mamas
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
The Papas & The Mamas er det fjerde studioalbumet til The Mamas & the Papas, utgjeve i 1968. Det var det siste albumet deira, før dei vart oppløyst første gongen. Dei kom saman att for ein kort periode i 1971.
I motsetnad til dei tidlegare albuma deira, vart The Papas & The Mamas spelt inn heime hos John og Michelle Phillips, men med same produksjonslag som på dei førre albuma. Det originale studioet deira, Western Recorders, byta til Solid State-teknologi og Phillips og Adler kjøpte det analoge miksebordet dei hadde brukt på dei førre innspelingane, og sette det inn i det nye studioet sitt. Seinare har Adler sagt at innspelingsrommet ikkje var godt nok laga, og at lydkvaliteten ikkje høvde for ei vokalgruppe som The Mamas & The Papas.
Med unntak av ein særs suksessrik coverversjon av «Dream a Little Dream of Me» (som ikkje er representativ for resten av albumet), er temaet på albumet ofte deprimert og livstrøytt, mellom anna i teksten på «Safe in My Garden», «Mansions», «Too Late» og «Rooms».
Det er få kjærleikssongar og somme meir eksperimentelle songar, som den Jimi Hendrix-aktige gitaren på «Gemini Childe».
Før albumet kom ut, kom singelen «Twelve Thirty (Young Girls Are Coming to the Canyon)» i august 1967.
Songen «Meditation Mama» var første gongen John Phillips song solovokal på ein song av Mamas and the Papas. Alle fire medlemmane song solovokal og korvokal på dette albumet. Vokalen på «For the Love of Ivy» skal visstnok ha teke ein månad å spele inn.
Sjølv om det var det første albumet deira som ikkje nådde topp 10 på albumlista i USA, selde det godt då det kom ut og vart det fjerde og siste albumet deira som nådde topp 20 i Amerika med to hitsinglar. Ein av desse, «Dream a Little Dream of Me», lanserte solokarrieren til Cass Elliot.
Heile albumet kom ut på All the Leaves Are Brown, ei samling av dei fire første albuma deira og forskjellige singlar.
Remove ads
Innhald
Alle spor skrivne av John Phillips, utanom der andre er nemnde
Remove ads
Medverkande
- Denny Doherty - solo- og korvokal
- Cass Elliot - solo- og korvokal
- John Phillips - gitar (spor A1-B4, B6), solovokal (A3), korvokal
- Michelle Phillips - solo- og korvokal
- «Doctor» Eric Hord - gitar (spor A1-B4, B6)
- Hal Blaine - perkusjon
- Larry Knechtel - klaverinstrument
- Joe Osborn - bassgitar (spor A1-B4, B6)
- Paul Downing - gitar (spor B5)
- John York - bassgitar (spor B5)
- Teknisk
- Peter Pilafian - lydteknikar
- Lou Adler - produsent
- Tad Diltz - fotografi
- Gary Burden - kunstnarisk leiar, design
Remove ads
Salslister
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads