The Princess Bride av Mark Knopfler

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

The Princess Bride er eit filmmusikkalbum av den britiske songar-låtskrivaren og gitaristen Mark Knopfler, gjeve ut den 12. november 1987 av Vertigo Records internasjonalt, og av Warner Bros. Records i USA. Albumet inneheld musikk skriven for filmen The Princess Bride i 1987, regissert av Rob Reiner.[1] Albumet inneheld songen «Storybook Love», skriven og framført av Willy DeVille og arrangert av Mark Knopfler. I 1988 vart songen nominert til Oscarprisen for beste song.

Meir informasjon Mark Knopfler-kronologi ...
Remove ads

Bakgrunn

På kommentatorsporet til spesialutgåva på DVD, sa regissøren Rob Reiner at det berre var Mark Knopfler frå Dire Straits som kunne skape musikk som fanga den lunefulle, men likevel romantiske stemninga i filmen. Reiner var fan av Knopfler, men kjende han ikkje før dei arbeidde i lag på filmen. Han sendte manuset til han med håp om at han ville gå med på å skrive musikk til filmen. Knopfler gjekk med på dette så lenge Reiner ein eller annan stad i filmen tok med Coral Sea-capen han hadde på seg som Marty DiBergi i filmen This is Spinal Tap. Reiner fekk ikkje tak i den originale capsen, men fekk tak i ein som likna. Seinare sa Knopfler at han berre spøkte om hatten.[2]

Remove ads

Kritikk

Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...

I meldinga si for AllMusic gav Johnny Loftus albumet fire og ei halv av fem stjerner, og hylla Knopfler for at han klarte å fange dei forskjellige dramatiske elementa i filmen i musikken sin.[1]

Innhald

Alle spor skrivne av Mark Knopfler, utanom der andre er nemnde[4][1]

Meir informasjon Nr., Tittel ...

Medverkande

Musikk
Produksjon
  • Mark Knopfler – produsent
  • Bill Schnee – miksing
  • Marc De Sisto – lydteknikar
  • Bob Ludwig – mastering
  • Steve Jackson – lydteknikar, miksing («Storybook Love»)[4]
  • Deborah Feingold – fotografi[1]

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads