Willy DeVille
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Willy DeVille (25. august 1950–6. august 2009) var ein amerikansk songar og låtskrivar. Gjennom den 35 år lange karrieren sin, først med bandet Mink DeVille (1974–1986) og seinare sitt eige band, skapte Deville originale songar med røter i tradisjonelle amerikanske musikkartar. Han arbeidde med artistar innan mange sjangrar, som Jack Nitzsche, Doc Pomus, Dr. John, Mark Knopfler, Allen Toussaint og Eddie Bo. I musikken til DeVille kan ein høyre latinske rytmar, bluesriff, doo-wop, cajunmusikk, litt fransk cabaret, og ekko frå tidleg 60-talssoul.
Mink DeVille var husband på CBGB, ein historisk nattklubb i New York City, der punkrock vart fødd i midten av 1970-åra. DeVille var med på å definere Brill Building-stilen på ny. I 1987 vart songen hans «Storybook Love» nominert til Oscarprisen. Etter han flytta til New Orleans i 1988, var han med på å setje i gang roots revival innan klassisk New Orleans R&B. Dei sjelfulle tekstane hans og utforskinga av latinske rytmar og stilar, var med på å definere ein ny musikkstil som stundom vert kalla «Spanish-Americana».[1]
DeVille døydde av bukspyttkjertelkreft den 6. august 2009 på eit sjukehus i New York, 58 år gammal.[2][3][4] Sjølv om den kommersielle suksessen hans har stige og falle gjennom åra, har ettermælet hans som låtskrivar påverka mange andre musikarar, som Mark Knopfler og Peter Wolf.
Remove ads
Diskografi
Med Mink DeVille:
- 1977: Cabretta (i Europa); Mink Deville (i USA) (Capitol)
- 1978: Return to Magenta (Capitol)
- 1980: Le Chat Bleu (Capitol)
- 1981: Coup de Grâce (Atlantic)
- 1983: Where Angels Fear to Tread (Atlantic)
- 1985: Sportin' Life (Polydor)
Som Willy DeVille:
- 1987: Miracle (Polydor)
- 1990: Victory Mixture (Sky Ranch) 1990 (Orleans Records)
- 1992: Backstreets of Desire (Fnac Music) (Rhino, 1994)
- 1993: Willy DeVille Live (Fnac Music)
- 1995: Big Easy Fantasy (New Rose)
- 1995: Loup Garou (EastWest) (Discovery, 1996)
- 1999: Horse of a Different Color (EastWest)
- 2002: Acoustic Trio Live in Berlin (Eagle)
- 2004: Crow Jane Alley (Eagle)
- 2008: Pistola (Eagle)
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads