The Wrong Place

song frå 2021 med Hooverphonic From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«The Wrong Place» (norsk omsetjing: «feil stad») er ein poplåt som vert framført av det belgiske bandet Hooverphonic. Songen vart utgjeven 4. mars 2021 og er komponert av bandmedlemmen Alex Callier og låtskrivaren Charlotte Fôra. Den var det belgiske bidraget i Eurovision Song Contest 2021 i Rotterdam i Nederland.[1]

Meir informasjon Låtskrivar(ar) ...
Remove ads

Om songen

«The Wrong Place» er skriven av Alex Callier og låtskrivaren Charlotte Fôra, og den vart ikkje skriven spesielt for Eurovision Song Contest. Gruppa skildrar låten som «Hooverphonic-vintage». Då bandet høyrde låten fyrste gong, følte medlemmane ein umiddelbar effekt og fekk entusiastiske tilbakemeldingar frå vener og familie. Sidan omarbeidde dei låten, og det har vorte laga 21 miksar av den.[2]

Hooverphonic skildrar songen som å vere på ein one night stand som har bore galen av stad: «Ei kvinne vaknar opp og lurar på kva i holaste mannen ved sida av ho gjer her.»[2]

Remove ads

Eurovision Song Contest

I 2020 valde den flamske kringskastaren VRT Hooverphonic til å representere landet i Eurovision Song Contest 2020, men tevlinga vart avlyst på grunn av koronaviruspandemien. VRT vedtok at Hooverphonic i staden skulle delta i tevlinga i 2021.

4. mars 2021 vart bidraget «The Wrong Place» spela offentleg for fyrste gong, på morgonradioshowet De Grote Peter Van de Veire Ochtendshow på radiokanalen MNM. Programmet vart leia av den flamske Eurovision-kommentatoren Peter Van de Veire.[2] Songen vart samstundes sloppen for nedlasting og strøyming.[3]

«The Wrong Place» deltok i den fyrste semifinalen i Rotterdam Ahoy i Rotterdam i Nederland tysdag 18. mai. Der kom den på niendeplass med 117 poeng og kvalifiserte seg til finalen laurdag 22. mai.[4][5] I finalen var «The Wrong Place» det fjerde bidraget ut på scena av 26 finalistar. Songen fekk til slutt 74 poeng enda på ein 19. plass.[6]

Remove ads

Listeplasseringar

Meir informasjon Liste (2021), Høgaste plassering ...

Utgjevingshistorikk

Meir informasjon Region, Dato ...

Referansar

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads