Christian Matthias Theodor Mommsen (fødd 30. november 1817 i Garding i Hertugdømet Slesvig, på den tid i personalunion med Danmark, død 1. november 1903 i Berlin-Charlottenburg) var ein tysk historikar som vert rekna som den viktigaste oldtidssforskaren på 1800-talet.
Kjappe fakta
| Theodor Mommsen |
 Theodor Mommsen måla av Ludwig Knaus |
| Nasjonalitet | Tysk |
| Statsborgarskap | Hertugdømet Slesvig, Kongedømet Preussen, Deutsches Reich |
| Fødd | 30. november 1817 Garding i Hertugdømet Slesvig |
| Død |
1. november 1903 (85 år) Berlin-Charlottenburg |
| Yrke | Historikar |
| Politisk parti | Nationalliberale Partei, Liberale Vereinigung, Deutsche Fortschrittspartei |
| Medlem av | Det prøyssiske vitskapsakademiet, Det saksiske vitenskapsakademiet, Serbias vitenskaps- og kunstakademi, Serbian Learned Society, Deutsches Archäologisches Institut, Det bayerske vitskapsakademiet, Göttingens vitenskapsakademi, Vitskapsakademiet i St. Petersburg, Det ungarske vitskapsakademiet, Austrian Archaeological Institute, Académie des inscriptions et belles-lettres, American Academy of Arts and Sciences, Koninklijke Nederlandse Akademie van Wetenschappen, Accademia Nazionale dei Lincei, Det russiske vitskapsakademiet, American Antiquarian Society, Burschenschaft Teutonia zu Kiel, Accademia delle Scienze di Torino, Freie Wissenschaftliche Vereinigung, Society for Defense against Anti-Semitism, Rumenske akademi |
| Far | Jens Mommsen |
| Ektefelle | Maria Auguste Mommsen |
| Born | Marie Mommsen, Wolfgang Mommsen, Karl Mommsen, Ernst Mommsen, Konrad Mommsen, Hans Georg Mommsen, Lisbet Mommsen |
| Prisar | Nobelprisen i litteratur, Pour le Mérite für Wissenschaften und Künste, Bayerischer Maximiliansorden für Wissenschaft und Kunst, Æresborger av Roma |
| Theodor Mommsen på Commons |
Lukk
Han skreiv ikkje skjønnlitteratur, men likevel fekk han i 1902 Nobelprisen i litteratur med den begrunninga at han var «den største nolevande meister i historieskrivarkunsten, med spesiell vekt på det monumentale verket hans, Römische Geschichte»[1][2] («romersk historie»). Verket kom ut i tre bind mellom 1854 og 1856 og tok for seg den historia til romarane fram til romarrepublikken enda etter Julius Cæsar. Mommsen sine verk om historia til Romarriket er av grunnleggande betydning sjølv for dagens forskarar.
Mommsen var medlem av den preussiske landdagen og seinare Riksdagen i tre ulike periodar, først for det liberale Fortschrittspartei, seinare for det nasjonalliberale partiet og til slutt for dei såkalla Sezessionisten.