Thomas Röhler

From Wikipedia, the free encyclopedia

Thomas Röhler
Remove ads

Thomas Röhler (fødd 30. september 1991) er ein tysk friidrettsutøvar frå Jena som i 2016 vart olympisk meister og 2018 europameister i spjutkasting. Han har ein personleg rekord i øvinga på 93,90 meter frå 2017.

Kjappe fakta
Remove ads

Aktiv

Röhler sette personbeste med 80,79 meter i 2012. Han deltok i europameisterskapen der han mislukkast kvalifisere seg til finalen med minst mogleg margin. Derimot vart han tysk meister i spjutkast, den fyrste av seks strake gullmedaljar i den nasjonale meisterskapen. I 2013 forbetra han seg til 83,95 meter i Dessau. Röhler flytta i 2014 den personlege rekorden til 87,95 m i Zürich, samstundes gjekk han til topps samanlagt i DL-serien. Trass i sterke 87,41 m i VM-finalen 2015, måtte han nøye seg med fjerdeplass, 23 centimeter unna bronsemedaljen. På tampen av same sesongen landa spjutet på 89,27 m då han sigra i finske Kuortane.

Sommaren 2016 vann Röhler spjut-tevlinga ved Bislett Games med personbeste 89,30 m, for så å auke til 91,28 meter ved eit stemne i Turku. Høgdepunktet kom då han vann den olympiske gullmedaljen i Rio de Janeiro med eit bestekast på 90,39 meter. 5. mai 2017 i Doha presterte han livsbeste 93,90 meter. I verdsmeisterskapen i London enda han på fjerdeplass, fattige 6 cm bak bronsevinnaren Petr Frydrych. I 2018 sigra han i DL-stemnet i Doha for andre året i rad, då med eit kastpå 91,78 m. Tre månader seinare vart han europameister med sluttresultatet 89,47 meter. 2019-sesongen Röhler som beste 86,99 meter. Etter den tid har han vore plaga av skadar og ikkje makta prestere på eit høgt internasjonalt nivå.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads