Thoritt

From Wikipedia, the free encyclopedia

Thoritt
Remove ads

Thoritt er eit radioaktivt mineral som består av thoriumsilikat, ThSiO4. Fargen er vanlegvis brun til svart, eller oransjegul hos varieteten orangitt. Mineralet er tetragonalt og isotypt med zirkon og thorogummitt. Ein uranrik varietet blir kalla uranothoritt.

Kjappe fakta Generelt, Kategori ...

Både thoritt og orangitt er originalskildra frå norske førekomstar, høvesvis i 1829 og 1851. Mineralet finst på pegmatittgangar, dels nefelinsyenittiske (Langesundsfjorden), dels granittiske (særleg ved Arendal). Før dei store førekomstane av monazittsand i Brasil og andre stader vart funne, var thoritt den viktigaste kjelda for framstilling av thoriumoksid, som vart nytta til glødehetter i såkalla auerbrennerar. Thoritt var då særs etterspurt og vart produsert frå fleire norske førekomstar.

Ei langt sjeldnare form av ThSiO4 har monoklin monazittstruktur. Denne er ikkje funnen i Noreg.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads