Thorleif Haug
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Thorleif Haug (28. september 1894–12. desember 1934) var ein norsk skilaupar fødd i Lier. Han vert halden for å ha vore den beste skilauparen i verda rundt 1920 og då dominerte han i både langrenn og kombinert, attåt at han gjorde seg gjeldande i hopp. I dei fyrste olympiske vinterleikane i 1924 i Chamonix tok han tre gullmedaljar (18 km, 50 km og kombinert). Haug vann femmila i Holmenkollrenna heile seks gonger, noko ingen andre har klart verken før eller seinare. I 1919, 1920 og 1921 vann han både kombinerttevlinga og 5-mila. I 1919 fekk han Holmenkollmedaljen saman med Otto Aasen. Thorleif Haug var medlem i Drafn. Av yrke var han røyrleggjar. Han døydde av lungebrann berre førti år gammal. I 1946 vart det sett opp ein statue av Haug i Drammen, denne er laga av bilethoggaren Per Palle Storm.
Remove ads
OL-medaljar
Bakgrunnsstoff
- «Thorleif Haug» (på engelsk). Olympedia. Henta 29. mars 2023.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads