Throwing It All Away
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Throwing It All Away» er ein song av det engelske rockebandet Genesis frå 1986, utgjeve på albumet Invisible Touch. Det var den andre singelen som vart gjeven ut frå albumet i 1986. Han nådde fjerdeplassen på Billboard Hot 100 i USA[2] og 22. plass i Storbritannia,[3] der han vart gjeven ut som den siste singelen frå albumet i 1987. I USA gjekk han òg til topps på Adult Contemporary-lista i oktober 1986 og Album Rock Tracks-lista i august 1986. Arbeidstittelen på songen var «Zephyr and Zeppo».
Songen er ein softrock-ballade. Han er bygd kring eit gitarriff av Mike Rutherford, som òg skreiv teksten.[4] Den amerikanske versjonen av singelen hadde instrumentalen «Do the Neurotic» som B-side, medan den britiske versjonen hadde songen «I'd Rather Be You».
Remove ads
Konsertversjonar og musikkvideo
Throwing It All Away vart framført på konsertane til Genesis frå 1986 til 2007. Konsertopptak finst på albuma The Way We Walk, Volume One: The Shorts og Live Over Europe 2007, samt DVDen When in Rome 2007.
Ein musikkvideo for songen vart laga frå filmopptak under ein lydsjekk og bilete av bandet på turné. Denne finst på DVDen The Video Show.
Remove ads
Sporliste
7": Virgin / GENS 5 (UK)
- «Throwing It All Away» - 3:41
- «I'd Rather Be You» - 3.57
7": Atlantic / 7-89372 (US)
- «Throwing It All Away» - 3:41
- «Do The Neurotic» (Edit) - 5:21
12": Virgin / GENS 5-12 (UK)
- «Throwing It All Away» (live)
- «I'd Rather Be You"
- «Invisible Touch» (live)
Medverkande
- Phil Collins: vokal, trommer, perkusjon
- Tony Banks: klaverinstrument
- Mike Rutherford: elektrisk gitarar, bass
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads