Invisible Touch

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads
Remove ads

Invisible Touch er det trettande studioalbumet til det engelske rockebandet Genesis, gjeve ut den 6. juni 1986 på Atlantic Records i USA og 9. juni 1986 på Charisma og Virgin Records i Storbritannia. Etter å ha teke ein pause frå bandet slik at kvart av medlemmane kunne fokusere på soloprosjekt i 1984, møttest bandet att i oktober 1985 for å skrive og spele inn Invisible Touch med lydteknikaren og produsenten Hugh Padgham. Som med det førre albumet deira, vart det berre skrive gjennom at dei improviserte seg fram og dei hadde ikkje klart materiale før dei møttest.

Meir informasjon Genesis-kronologi, Singlar frå ...

Invisible Touch vart ein suksess verda over og gjekk til topps på UK Albums Chart og nådde tredjeplassen på amerikanske Billboard 200. Det vart det bestseljande albumet til bandet og fekk fleire platinaplater for salet med 1,2 millionar selde eksemplar i Storbritannia og seks millionar i USA. Genesis vart det første bandet og utanlandske artisten som hadde hatt fem topp fem-singlar frå same album på amerikanske Billboard Hot 100 med «Invisible Touch» som den første og einaste singelen deira som nådde toppen av lista. Albumet fekk både positive og negative meldingar då det kom ut og ein trekte fram likskapen til soloplatene til Collins og den kommersielle popstilen deira. I 2007 vart albumet gjeve ut på ny med nye miksar i stereo og 5.1 kringlyd.

Remove ads

Bakgrunn

Etter Mama-turneen var over i februar 1984 for å marknadsføre Genesis, tok bandet ein pause for å fokusere på solokarrierane til bandmedlemmane. Mike Rutherford skipa gruppa Mike + The Mechanics, Tony Banks arbeidde på det andre albumet sitt med filmmusikk, kalla Soundtracks og Phil Collins gav ut det tredje soloalbumet sitt, No Jacket Required, som vart ein stor suksess verda over. I juni 1985 snakka Collins i eit intervju om at bandet planla å byrje på det neste albumet til Genesis i oktober det året.[4] Dette stoppa rykte som var blitt spreidd av BBC Radio 1 om at bandet var oppløyst.[5] For Rutherford hadde pausen i bandet ein effekt på musikkstilen til Genesis: «Me hadde arbeidd så mykje utafor bandet, og det verkar som om me hadde gått gjennom mange fleire musikalske endringar, sjølv om utviklinga i stor grad ikkje er medviten».[6]

Remove ads

Låtskriving og innspeling

Albumet vart skrive, spelt inn og miksa i studioet som bandet eigde, The Farm i Chiddingfold i Surrey, frå oktober 1985 til februar 1986.[6] Gruppa fekk med seg lydteknikar og medprodusenten Hugh Padgham,[7] som hadde arbeidd med bandet sidan Abacab (1981). Tidlegare i 1985 var studioet blitt oppgradert av Masami «Sam» Toyishima.[8]

Gruppa hadde fått den største suksessen sin nokon sinne med Genesis, og Banks sa at gruppa møtte opp denne gongen med større sjølvtillit sidan dei no var blitt eit populært konsertband i USA, og oppnådd stor salssuksess verda over.[9] Som med det førre albumet deira, kom dei i studio utan nokre idear på førehand, og utvikla songar gjennom jamming og improvisasjon som dei spelte inn på kassett,[6] ein prosess Collins samanlikna som «nær jazz».[10] Gruppa meinte at dei sterkaste songane deira alltid hadde vore dei som dei skreiv i lag, så dei gjentok denne prosessen for Invisible Touch. Collins sa: «Du veit aldri kva som kjem til å skje. Det er berre tre av oss som held på og finsliper på alle desse ideane.»[6] Ein typisk dag under låtskrivinga starta med at Collins sette opp eit trommemønster på trommemaskinen, medan Banks og Rutherford spelte idear, og Collins så song vokale idear. Dette skapte raskt ein atmosfære for ein song.[11][12] Collins hugsa den heftige haldninga hans under låtskrivinga og meinte tidleg at dei skulle setje bitar av songar saman, noko Banks og Rutherford var motvillige til. Gruppa hadde til slutt mange idear å arbeide med, og mange potensielt gode idear vart lagt på hylla.[13] Mange av songane på albumet utviklinga seg frå Banks som brukte ein E-mu Emulator for å spele lydar i rommet og så lytte attende på ideane som kunne brukast for ein song. Innspelingsfunksjonen gjorde at han berre kunne spele inn 17 sekund om gangen.[14]

Etter at dei hadde spelt inn nokre jammar på lydband, lytta bandet på dei, og plukka ut dei beste augneblinkane og prøvde å arrangere dei til ein song.[15] Dei diskuterte så den potensielle lengda og om dei skulle skrive tekst eller la det vere ein instrumental.[6] Teksten for ein song vart skriven etter songen var spelt inn. Bandet meinte det var best om eitt medlem hadde ansvaret for teksten til ein song, sidan dei hadde ei sterk nok retning til å bere meldinga gjennom.[16] Collins skreiv teksten til «Invisible Touch», «Tonight, Tonight, Tonight» og «In Too Deep»; Rutherford skreiv «Land of Confusion» og «Throwing It All Away».[15] Banks skreiv for «Domino» og «Anything She Does».[16]

Gruppa kom opp med mange songar for Invisible Touch som gjorde at dei måtte bruke tid til å velje ut den endelege sporlista. Dette var ikkje tilfellet med Genesis og Banks sa at «om me hadde ein song, så la med han til».[17] Rutherford sa at Genesis hadde ei mørk stemning, medan Invisible Touch hadde meir energi.[18] Under låtskrivinga forstod Collins at dei hadde kome opp med friskt og unikt materiale som dei ikkje hadde gjort før, «som ikkje er enkelt etter 15 album», og rekna dei som sterkare enn dei på Genesis.[6] Banks hadde same synet og tenkte at dei kortare spora på Invisible Touch var betre enn på det førre albumet.[6] Collins sa seinare at bandet aldri spelte inn partane sine for albumet samstundes. I starten song han ein guide-vokal med Banks og Rutherford på piano og gitar, men desse instrumentspora vart spelte in på nytt og han la til trommene sine til slutt.[19]

Remove ads

Songar

Side ein

«Invisible Touch» oppstod då bandet arbeidde på «The Last Domino», den andre delen av «Domino». Under innspelinga byrja Rutherford å spele eit improvisert gitarriff med ekkoeffekt, og Collins svarte med improvisert tekst, «She seems to have an invisible touch, yeah». Dette førte til at Collins skreiv teksten til songen og den improviserte linja vart ein del av refrenget. Han skreiv teksten basert på ein person som kjem under huda på ein. Han hadde «kjend eit par av desse. Du veit dei kjem til å øydeleggje for deg, men du klarar ikkje å stå i mot».[10][20] Gruppa ønskte ein enkel struktur for songen, men meinte at ei endring i toneart og bruk av ein sequencer på mellomspelet gjorde godt for arrangementet. Banks skapte åtte forskjellige versjonar av denne sekvensen, nokre idear han hadde hatt ei stund, medan andre var improvisasjonar. Den valde versjonen var «den mest tilfeldige».[14] Sidan bandet framførte «Invisible Touch» i ein lågare toneart på turneen etter albumet, måtte Banks skape ein ny sekvens, noko som var «verkeleg keisamt» sidan han ikkje klarte å gjenskape den som var brukt på albumet.[14] Rutherford uttrykte eit ønske for bandet om å utforske forskjellige musikalske tema i songen, men meinte seinare at teksten hadde «alltid kjend så komfortabel ut» og såg ikkje noko grunn til dette.[21] Collins har verdsett songen høgt og meint det var favorittsongen hans av Genesis.[10] Han la til: «Det er ein flott popsong. Han innkapslar heile plata og pressar Genesis eit steg mot eit R&B-område, litt som Prince gjorde», og samanlikna tromminga si på songen med den amerikanske songaren Sheila E, som han var fan av.[21][10]

Grunnlaget for «Tonight, Tonight, Tonight» kom frå Banks, som brukte tid på å improvisere med forskjellige lydar frå klaverinstrumentet sitt over ein rytme Collins og Rutherford spelte.[20] På liknande vis som på «Invisible Touch», kom Collins så med ordet «monkey» og utforska dette vokalt, som gav songen arbeidstittelen «Monkey/Zulu». Resten av teksten på songen vart skriven rundt dette ordet.[20] Rutherford meinte songen likna på «gammal Genesis» sidan det dekte meir grunn musikalsk med ein «forholdsvis involvert» instrumental i midten.[20] Banks var samd med Rutherford i synet på songen.[6]

Teksten til «Land of Confusion» var skriven av Rutherford, og dei var dei siste orda som vart skrivne for albumet. Rutherford hadde ikkje fått tid til å skrive ferdig teksten til songen, men meinte «tida var rett» for han til å skrive ein protestsong.[22] Han hadde influensa då det var tid for Collins å syngje inn vokalen for songen. Han hugsa at Collins «kom heim til meg ... han sat ved sengja mi som ein sekretær ... eg var i eit slags delirium med høg feber og dikterte til han og eg hugsar eg tenkte, 'eg trur eg sa det rett til han ... var det berre skrot eller var det bra?'».[21]

Side to

Banks fekk inspirasjon for «Anything She Does» frå bilete av lettkledde kvinner bandet hengde opp på veggen i platestudioet sitt.[20]

«Domino» er eit spor delt i to — «In the Glow of the Night» og «The Last Domino». Banks skreiv teksten basert på ideen om at politikarar ofte ikkje klarar å fullføre det dei har starta på, og konsekvensen av handlingane deira.[23] Rutherford meinte «Domino» var «noko av det beste bandet har gjort».[24] Han var klar over at på grunn av populariteten til MTV og det stadige presset om å levere hitsinglar, så gløymde ofte folk dei lengre songane deira som «Domino», som vart hindra av kortare, meir kommersielle hittar.[25]

«Throwing It All Away» utvikla seg frå eit gitarriff av Rutherford, som òg skreiv teksten. Collins skildra songen om ein «ein-tones samba».[26] Det var opphavleg ein tung gitarsong og Collins spelte «trommer med John Bonham-stil». Men etter kvart som refrenget vart utvikla, endra stemninga seg i ei rolegare retning som «passa den enkle kjærleikssongteksten».[27]

«The Brazilian» er eit instrumentalt spor. Collins hugsa at han vart sett saman då gruppa «tulla» i studio, og han hadde eksperimentert med kva lydar som kunne programmerast inn i eit elektronisk Simmons trommesett.[28] Blant lydane i studio som Banks hadde fanga på sin E-mu Emulator II går gjennom heile sporet, og bandet improviserte over dette.[14]

Andre songar

Tre andre songar — «Feeding the Fire», «I'd Rather Be You» og «Do the Neurotic» — vart spelte inn på denne tida, men kom ikkje med på det endelege albumet. Dei vart sidan gjevne ut som B-sider på dei fem singlane frå albumet. Dei vart òg gjevne ut i 2007 i plateboksen Genesis 1983–1998 og i plateboksen Genesis Archive 2: 1976–1992 i 2000.

Remove ads

Utgjeving

Invisible Touch vart først gjeve ut 6. juni 1986 i USA på Atlantic Records;[29] og utgjevinga i Storbritannia følgde 9. juni 1986 på Charisma og Virgin Records.[30] Albumet nådde toppen av UK Albums Chart og låg der i tre veker frå 21. juni 1986 og var samla sett 96 veker inne på lista.[31] Det nådde tredjeplassen på den amerikanske Billboard 200 og låg 85 veker inne på lista.[32] I Noreg nådde det tredjeplassen på VG-lista.

Genesis gav ut fem singlar frå Invisible Touch i 1986 og 1987 — «Invisible Touch», «Throwing It All Away», «Land of Confusion», «In Too Deep», og «Tonight, Tonight, Tonight». Alle fem nådde topp fem på den amerikanske Billboard Hot 100-lista og Genesis vart den første gruppa og utanlandske artisten som klarte dette. Andre som hadde klart dette var Michael Jackson, Janet Jackson og Madonna.[33]

I 1987 vart Genesis nominert til ein American Music Award for beste pop/rockband, duo eller gruppe. Under Brit Awards i 1987 vart medprodusenten Hugh Padgham nominert til beste britiske produsent,[34] medan Phil Collins vart nominert til årets britiske mannlege artist for bidrag hans til albumet. «The Brazilian» vart nominert til Grammyprisen for beste popinstrumental. Musikkvideoen til «Land of Confusion», med Spitting Image-dokker, vart nominert til prisen for årets musikkvideo på MTV Video Music Awards, men tapte for den tidlegare frontmannen deira, Peter Gabriel og hans «Sledgehammer».

I 2007 vart albumet miksa på ny i stereo og 5.1 kringlyd.[35]

Mottaking

Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...

Albumet fekk blanda kritikk då det kom ut. J.D. Considine skreiv ei positiv melding i Rolling Stone, og sa at «alle songane er forsiktig stussa slik at kvar av dei florerer med solide knaggar og ikkje instrumentale openberringar. Mykje av æra for dette skal gå til Tony Banks der synthstilen hans aldri har passa betre. Det er klaverinstrumenta hans som set stemninga på 'In the Glow of the Night' og opprettheld spaninga på 'Tonight, Tonight, Tonight'.»[40] Daniel Brogan i Chicago Tribune var ikkje imponert og meinte at albumet «mangla all nyskaping, opplysning eller kraft» som den tidlegare Genesis-songaren Peter Gabriel fekk til på albumet So, som kom ut månaden før. Han meinte bidraga til Rutherford og Banks «verka langt mindre framme enn vanleg», og at første sida på albumet «kunne ha vore unytta spor frå No Jacket Required». Han sa: «Vil den frie verda nokon gong bli lei Phil Collins?»[41]

I ei seinare melding frå Stephen Thomas Erlewine for AllMusic, fekk albumet tre av fem stjerner. Han skreiv at «Invisible Touch vart på den tida rekna som eit soloalbum av Phil Collins forkledd som eit Genesis-album ... det mest pop-prega Genesis-albumet, ein glatt, straumlinjeforma sak bygt på elektronisk perkusjon og kledd i synthar» og han hevda «den tunge vektlegginga på popmelodiar tener songaren, ikkje bandet». Men han sa òg at «songane hadde store knaggar som vog opp for kulda deira, medan dei kunstnariske augneblinkane sokk til botn».[1] Mark Putterford i Kerrang! skreiv at albumet synte «nye idear, nye lydar, men er framleis definitivt Genesis».[37] The Rough Guide to Rock skildra Invisible Touch som «kalkulert og merkeleg kjenslelaus AOR» og skreiv at hittane var «no nesten ikkje mogeleg å skilje frå songane Collins gav ut som soloartist».[42]

Ultimate Classic Rock rangerte Invisible Touch som det 13. beste albumet av Genesis og sa «Det var ein mørk dag i historia til Genesis då denne plata kom ut, og bandet fullstendig gjekk over frå kunstrock til radioklart sludder, stappfullt av det verste 80-tals overproduksjon hadde å by på. Det faktum at berre den minste bit av det 'gamle' Genesis er gjenkjenneleg i eit par av spora, er det einaste som gjer at albumet så vidt er føre We Can't Dance[43]

Remove ads

Turné

Genesis marknadsførte Invisible Touch med ein 112 konsertar lang turné frå september 1986 til juli 1987. Med seg hadde bandet dei faste turnémusikarane sine, trommeslagaren Chester Thompson og gitaristen Daryl Stuermer. Turneen vart avslutta med fire utselde konsertar på Wembley stadion i London. Konsertvideoen Live at Wembley Stadium kom ut på VHS i 1988 og på DVD i 2003.

I populærkulturen

I filmen American Psycho hevdar hovudpersonen Patrick Bateman at Invisible Touch er meisterverket til gruppa og diskuterer dette med to prostituerte han har leigd inn for kvelden.[44]

Seint i 1980-åra vart instrumentale utdrag frå songen 'Domino' nytta i sportsprogrammet Grandstand på BBC.

«The Brazilian» vart nytta i fjernsynsserien Magnum, P.I. i ein episode i sesong åtte. Ein kan òg høyre songen i animasjonsfilmen When The Wind Blows og han er med på det offisielle filmmusikkalbumet.

«Tonight, Tonight, Tonight» vart òg nytta i Magnum, P.I. i ein episode der Frank Sinatra hadde ei gjesterolle.

«Land of Confusion» vart nytta i den siste episoden av fjernsynsserien Miami Vice.

«In Too Deep» vart nytta i filmen Mona Lisa med Bob Hoskins.

Remove ads

Innhald

Alle spor skrivne og arrangerte av Tony Banks, Phil Collins og Mike Rutherford.[6]

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Remove ads

Medverkande

Henta få plateomslaget.[7]

Genesis

Produksjon

Remove ads

Salslister

Meir informasjon Liste (1986–87), Plassering ...

Salstrofé

Meir informasjon Region, Salstrofé ...
Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads