Thurgau
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Thurgau er ein kanton nordaust i Sveits. Kantonen grensar til Tyskland og Bodensjøen i nord, og til kantonane Schaffhausen, Zürich og St. Gallen. Thurgau har eit areal på 991 km² og hadde om lag 276 000 innbyggarar i 2018. Frauenfeld er hovudstad i kantonen.


Remove ads
Geografi
Kantonen grensar i nord mot den tyske delstaten Baden-Württemberg og kantonen Schaffhausen. Høgste punktet i kantonen er 991 meter over havet og ligg i kommunen Fischingen, lengst sør i Thurgau. Kantonen har namn etter elva Thur som kryssar området frå søraust til nordvest, og som renn vidare ut i Rhinen i kantonen Zürich. 61,0 % av flatevidda er landbruksareal.
Språk og religion
Tysk er dominerande talemål i Thurgau, den lokale dialekten høyrer til høgalemannisk. 45,1% av innbyggarane er knytt til protestantiske kyrkjesamfunn, medan 35,6 soknar til den romersk-katolske kyrkja.
Distrikt og kommunar
Thurgau er frå 2011 delt opp i fem distrikt (bezirke), som er delt opp i til saman 80 kommunar. Dei fem distrikta er Arbon, Frauenfeld, Kreuzlingen, Münchwilen og Weinfelden. Til 2010 var Thurgau delt i åtte distrikt.
Remove ads
Historie
Frå 1460 var Thurgau eit landområde (Gemeine Herrschaft) underlagt dei sveitsiske kantonane Glarus, Luzern, Schwyz, Unterwalden, Uri, Zug og Zürich.
Thurgau vart eigen kanton i 1798. Han gjekk då med i den kortliva republikken Helvetia. Sidan 1803 har Thurgau vore med i Det sveitsiske eidssambandet, på lik linje med dei fleste andre kantonane.

Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads