Zug

From Wikipedia, the free encyclopedia

Zugmap
Remove ads

Zug (fransk Zoug, italiensk Zugo, retoromansk Zug, latin Tugium) er ein tysktalande by og kommune i Sveits. Kommunen har 26 327 innbyggjarar (2010) og eit areal på 35 km². Kommunesenteret ligg 425 meter over havet.

Denne artikkelen handlar om byen i Sveits. For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Zug (fleirtyding).
Meir informasjon Plassering, Styresmakter ...

Byen Zug er hovudstad i kantonen Zug og ligg ved Zugsjøen og ved foten av fjellet Zugerberg. På dei lågareliggande fjellsidene veks mange frukttre og Zugs mest kjende jordbruksprodukt er kirschwasser. Dei fleste innbyggarane talar tysk og er katolikkar.

Thumb
Utsikt over Zug frå Zugerberg, oktober 2005
Remove ads

Historie

Byen er omtala første gongen i 1240. År 1273 kjøpte Rudolf av Habsburg byen. Zug vart sidan styrt av ein fut, som formelt var godkjent av habsburgarane og ei rådsforsamling. Fleire område på den kringliggjande landsbygda, til dømes Baar, Menzingen og Aegeri, hadde alle si eiga Landsgemeinde (kommune), men vart styrt av ein einaste fut, også han var utpeika av habsburgarane. Desse områda vart kalla Aeusser Amt. 27 juni 1352 gjekk både byen Zug og Aeusser Amt inn i det ferske sveitsiske eidsforbundet.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Zug


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads