Ticket to Ride av Carpenters
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Ticket to Ride er det første albumet til den amerikanske duoen Carpenters. Då albumet kom ut i 1969 hadde det tittelen Offering,[3] (med eit heilt anna plateomslag) og selde dårleg. Ein av songane på albumet vart ein liten hit, Lennon-McCartney-songen «Ticket to Ride», ein balladeversjon av The Beatles-songen.
Etter Carpenters fekk gjennombrotet sitt, vart albumet gjeve ut på ny internasjonalt med namnet Ticket to Ride og selde moderat.
Albumet er langt meir sjølvstendig enn andre Carpenters-album, utan orkestrering, og duoen spelte dei fleste instrumenta sjølv. 10 av 13 songar var skriven av Richard Carpenter og tekstforfattaren John Bettis. Det skil seg og frå seinare Carpenters-album ved at begge medlemmane deler likt på solovokalen. På seinare album var det nesten berre Karen Carpenter som song solovokal.
Remove ads
Innhald
Alle spor skrivne av Richard Carpenter og John Bettis, utanom der andre er nemnde
Remove ads
Lister
Medverkande
- Richard Carpenter – vokal og korvokal, klaverinstrument
- Karen Carpenter – vokal og korvokal, trommer, bass på «All of My Life» og «Eve»[4]
- Joe Osborn – bass
- Bob Messenger – bass
- Gary Sims – gitar på «All of My Life»
- Herb Alpert – shakers
- Produsent: Jack Daugherty
- Lydteknikar: Ray Gerhardt
- Kunstnarisk leiar: Tom Wilkes
- Fotograf: Jim McCrary
Singlar
«Ticket to Ride»
- JP 7" singel (1969) [KING AM-18] / (1976) [KING AM-1001] / (1977) [KING AM-2061]
- "Ticket to Ride"
- "All I Can Do"
- US 7" singel (1969) [A&M 1142]
- "Ticket to Ride"
- "Your Wonderful Parade"
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads