Ticket to Ride
From Wikipedia, the free encyclopedia
«Ticket to Ride» er ein song av The Beatles frå albumet Help! i 1965. Han vart spelt inn 15. februar 1965 ved Abbey Road Studios og gjeve ut to månader seinare. Musikkmagasinet Rolling Stone plasserte songen på 384. plass over dei 500 største songane gjennom tidene.
- For brettspelet med same namn, sjå brettspelet Ticket To Ride.
Ticket to Ride Singel av The Beatles frå albumet Help! | ||
B-side |
Yes It Is | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve |
| |
Innspelt | 15. februar 1965, EMI, London | |
Sjanger | Powerpop,[1] jangle pop,[2] folk rock[3] | |
Lengd | 3:10 | |
Selskap | Parlophone (UK), Capitol (US) | |
Komponist | John Lennon, Paul McCartney | |
Tekstforfattar | John Lennon, Paul McCartney | |
Låtskrivar(ar) | Lennon–McCartney | |
Produsent | George Martin | |
Britisk The Beatles-kronologi | ||
I Feel Fine (1964) |
Ticket to Ride | Help! (1965) |
Amerikansk The Beatles-kronologi | ||
Eight Days a Week (1965) |
Ticket to Ride | Help! (1965)
|
Songen vart hovudsakleg skrive av John Lennon (og tilskriven Lennon/McCartney) og kva Paul McCartney medverka med er omstridd. Lennon sa at McCartney innverknad var avgrensa til korleis Ringo Starr spelte trommer.[4] McCartney hevdar derimot at dei nærast skreiv han i lag.[5] Lennon sa at då songen skiftar tempo i slutten (med teksten «My baby don't care») var ein av favorittdelane hans av songen.[4] Dette var òg den første songen til Beatles der McCartney spelte sologitar.
Utgjeving
«Ticket to Ride» vart gjeve ut på singel 9. april 1965 (19. april i USA) med «Yes It Is» som B-side. Han nådde toppen av singellista både i USA, Storbritannia og Noreg. I Noreg låg han fire veker på førsteplassen og i alt 14 veker inne på Topp 10.
Ettermæle
She's got a ticket to ride, |
Både Richie Unterberger i Allmusic og forfattar Ian MacDonald skildrar «Ticket to Ride» som ein viktig milepåle i den musikalske utviklinga til the Beatles. Rytmen er hardare og tyngre enn på tidlegare Beatles-songar.[6] MacDonald skildra han som psykologisk djupare enn noko anna The Beatles hadde gjort før og ekstraordinær for si tid.[7] Etter at Beatles vart oppløyst uttalte Lennon at dette var den første heavy metal-songen nokon gong med eintonig basslinje, repeterande trommer og tunge gitarlinjer.[4]
Medverkande
I følgje Ian MacDonald:[8]
- John Lennon – vokal, rytmegitar
- Paul McCartney – harmonivokal, bassgitar, sologitar
- George Harrison – sologitar (12-strengs),[9] rytmegitar
- Ringo Starr – trommer, tamburin, klapping
Andre versjonar
- Carpenters i 1969. Nådde 54. plass på amerikanske Billboard Hot 100
- Vanilla Fudge i 1967.
- Hüsker Dü på konsertar.
- The Fifth Dimension i 1967.
Salslister
The Beatles version
Liste (1965) | Plassering |
---|---|
Austerrike (Ö3 austerriksk Topp 40)[10] | 8 |
Belgia (Ultratop 50 Flandern)[11] | 10 |
Canada Top Singles (RPM)[12] | 1 |
Nederland (Mega Single Top 100)[13] | 1 |
Irland (IRMA)[14] | 1 |
Noreg (VG-lista)[15] | 1 |
UK Singles (Official Charts Company)[16] | 1 |
US Billboard Hot 100[17] | 1 |
US Cash Box Top 100 Singles[18] | 1 |
Vest-Tyskland - Media Contro-lista[19] | 2 |
The Carpenters-versjonen
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.