Time av Fleetwood Mac

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Time er det 16. studioalbumet til det britisk-amerikanske rockebandet Fleetwood Mac, gjeve ut i 1995. Besetninga som spelar på albumet er unik for bandet, med den tidlegare Traffic-gitaristen Dave Mason og country-songaren Bekka Bramlett, dottera til Delaney and Bonnie, i besetninga. Lindsey Buckingham, som hadde slutta i Fleetwood Mac i 1987, gjestar på korvokal på ein song, men Time er det første og einaste Fleetwood Mac-albumet sidan Heroes Are Hard to Find i 1974 utan Stevie Nicks. Trommeslagaren Mick Fleetwood syng solovokal for første gong på ein Fleetwood Mac-song, på den sju minuttar lange «These Strange Times», produsert av Duran Duran-produsenten John Jones, og skriven i lag med Beach Boys-medlåtskrivaren Ray Kennedy. Albumet var det første albumet deira som ikkje nådde salslista i USA, og det av albumet deira som har selt dårlegast, berre 50 000 verda over. Bandet la ut på ein verdsturne for å marknadsføre albumet frå juli til slutten av desember 1994, og igjen frå april til september 1995.[2]

Meir informasjon Fleetwood Mac-kronologi ...
Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...
Remove ads

Innan eitt år hadde besetninga kollapsa, då Mason, Bramlett og Billy Burnette alle slutta i bandet, men Bramlett og Burnette spelte inn Bekka & Billy i lag i 1997, same året som Lindsey Buckingham og Stevie Nicks kom attende til Fleetwood Mac.

Remove ads

Innhald

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Remove ads

Medverkande

Fleetwood Mac

Andre musikarar

  • Michael Thompson – gitarar på spor 2, 5, 8, 10 og 12
  • Steve Thoma – klaverinstrument på spor 3, 4 og 9
  • Lindsey Buckingham – korvokal på spor 6
  • Fred Tacketttrompet på spor 8
  • John Jones – klaverinstrument, bass, gitar på spor 13
  • Lucy Fleetwood – korvokal på spor 13
Remove ads

Produksjon

  • Produsentar: Fleetwood Mac og Richard Dashut; John Jones og Ray Kennedy (spor 13)
  • Assisterande lydteknikarar: Alan Sanderson, Charlie Brocco, Allen Sides, John Jones, Jimmy Hotz (spor 13), David Eike, Tom Nellen, Richard Huredia, Dave Shiffman
  • Innspeling og miksing: Ken Allardyce; John Jones (spor 13)
  • Innspelt og miksa i Ocean Way Recording i Hollywood
  • Andre innspelingar ved Sunset Sound Recorders i Hollywood
  • Mastera av Stephen Marcussen ved Precision Mastering, assistert av Don Tyler
  • Konsept for plateomslag av Mick Fleetwood
  • Kunstnarisk leiing og design av Gabrielle Raumberger og Frank Chi
  • Fotografi av Lance Staedler, Bonnie & Dale McRaven, John McVie Family Archives

Singlar

Meir informasjon År, Single ...

Lister

Plasseringar

Meir informasjon Liste (1995), Plassering ...

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads