Behind the Mask av Fleetwood Mac

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Behind the Mask er det 15. studioalbumet til det britisk-amerikanske rockebandet Fleetwood Mac, gjeve ut i 1990. Det var det første albumet etter at gitaristen Lindsey Buckingham slutta. Han vart erstatta av Billy Burnette og Rick Vito, begge gitaristar, songarar og låtskrivarar. Fleetwood Mac vart då eit seksmannsband med fire songarar og låtskrivarar. Albumet vart ikkje ein like stor suksess som føregangaren, Tango in the Night, og hadde heller ingen hitsinglar, sjølv om «Save Me» nådde topp 40 i USA, medan «Love Is Dangerous» og «Skies the Limit» vart noko spelt på radio.[1] Sjølv om albumet så vidt nådde topp 20 i USA, gjekk det heilt til topps på albumlista i Storbritannia[2] og selde til platinaplate der.[3] Etter albumet kom ut slutta Stevie Nicks og Rick Vito, men Nicks kom attende i bandet i 1997.

Meir informasjon Fleetwood Mac-kronologi ...

Plateomslaget til albumet vart laga av fotografen Dave Gorton. Han har fortalt at bandet ikkje ønskte å vere på framsida av albumet og at Mick Fleetwood føreslo å skape eit bilete som «spirituelt symboliserte» bandet.[4] Omslaget vart nominert til ein Grammy-pris i 1991 for beste plateomslag.

Remove ads

Mottaking

Albumet fekk særs blanda kritikk. Allmusic gav albumet 1,5 av 5 stjerner, det lågaste dei gav noko Fleetwood Mac-album, og skreiv at songane var dei minst inspirerte bandet nokon gong spelte inn.»[5] Andre kritikarar var meir positive. Los Angeles Times gav albumet 3,5 av 5 stjerner[6], medan Rolling Stone gav det 4 av 5 stjerner, og hevda at «Rick Vito og Billy Burnette var det beste som kunne ha skjedd Fleetwood Mac» og at «ikkje sidan Rumours har Fleetwood Mac spelte inn smerte så utrøytteleg og høyrt så til saman ut.»[7]

Remove ads

Innhald

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Remove ads

Medverkande

Fleetwood Mac

Andre medverkande

  • Lindsey Buckingham – akustisk gitar på «Behind the Mask»
  • Asanté – perkusjon på «Freedom»
  • Stephen Croes – Synclavier, synthesizer, klaverinstrument, perkusjon

Produksjon

  • Produsentar: Greg Ladanyi og Fleetwood Mac
  • Lydteknikar: Greg Ladanyi, Bob Levy, Dennis Mays
  • Assisterande lydteknikarar: Craig Porteils, Duane Seykora, Brett Swain, Paula Wolak
  • Fotografi: Dave Gorton
  • Miksing: Greg Ladanyi
  • Mastering: Stephen Marcussen
  • Programmering: Stephen Croes, Dan Garfield
  • Kunstnarisk leiing: Jeri Heiden

Singlar

Meir informasjon År, Single ...
Remove ads

Lister

Meir informasjon Liste (1990), Plassering ...
Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads