Time av Pink Floyd

song av Pink Floyd From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Time» er ein song av det britiske rockebandet Pink Floyd på albumet deira The Dark Side of the Moon frå 1973, og er den einaste songen på albumet som er tilskriven til alle fire medlemmane. Han er kjend for den lange introen med ringande klokkar og alarmar, som vart spelt inn som ein stereotest av Alan Parsons, og ikkje laga spesifikt for albumet.

Sjå òg Time (fleirtyding).
Meir informasjon A-side, Låtskrivar(ar) ...

Songen er ein memento mori som skildrar fenomenet om at tida tilsynelatande går fortare når ein vert eldre, og at dette stundom fører til fortviling på grunn av moglegheiter ein ikkje greip i tidlegare år.

Remove ads

Komposisjon

And then one day you find ten years have got behind you.
No one told you when to run, you missed the starting gun.

Roger Waters (1973)

Songen opnar med eit hav av klokker og alarmar som ringer og kimar. Kvar klokke vart spelt inn separat i ein antikvitetsbutikk. Etter dette følgjer eit to minutt langt og skummelt parti, som vert dominert av Nick Mason sine rototommar. David Gilmour syng solovokalen på versa, medan Richard Wright syng refrenget med kvinnelege koristar. Teksten til Roger Waters handlar om at livet ikkje går ut på å førebu seg på det neste som skjer, men om å ta kontroll over sin eigen lagnad. Gilmour spelar ein gitarsolo over same akkordprogresjon som i versa og refrenget. Gitarsoloen vert rekna for å vere ein av Gilmour sine aller beste, og ein av dei beste gitarsoloane i rockehistoria. Songen glir rett over i «Breathe (Reprise)», som alltid er på same spor på plata.

Remove ads

Fakta

  • Songen vart gjeven ut som b-sida til singelen «Us and Them» i USA, og nådde 101. plass på Billboardlista.
  • Internettsida DigitalDreamDoor kåra teksten til den nestbeste songteksten nokonsinne, berre slått av «Desolation Row» av Bob Dylan.
  • Beastie Boys brukte eit utdrag av «Time» på songen deira «Looking Down the Barrel of a Gun» frå albumet Paul's Boutique.
  • The Prodigy brukte dei ringjande klokkene på spora sine «Claustrophobic Sting» og «Wake Up Call»
  • Etter at klokkene er ferdig å ringe, er tempoet i songen nøyaktig 60 slag i minuttet.
Remove ads

Medverkande

med:

  • Doris Troy – korvokal
  • Lesley Duncan – korvokal
  • Liza Strike – korvokal
  • Barry St. John – korvokal

Andre versjonar

  • Konserversjonar vart gjeve ut på både Delicate Sound Of Thunder og P*U*L*S*E
  • Roger Waters har gjeve songen ut på konsertalbumet In the Flesh: Live, ein versjon der han syng vokalen sjølv.

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads