Tindved
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Tindved (Hippophaë rhamnoides) er ein busk i sylvbuskfamilien. Han er 0,5 til 3 meter høg, med vedtornar og smalt avlange blad som er sylvglinsande på undersida. Han har småe, gulgrøne blomar og ertestore, oransjegule frukter, som er særs rike på C-vitamin. Kvistene er seige og sterke og vart nytta til rivetindar[1]. I Asia er tindved ein viktig steppeplante. I Noreg veks tindved på havstrand og i urer frå Trondheim til Ibestad i Troms, og planten er dessutan funnen viltveksande i Lom, Skjåk og Stryn, på havstrand nær Grimstad, og fossil i kalktuff i Øyer. Tindved er vanleg på lyngheiane i Jylland.
Remove ads
Referansar
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads