Tine
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Tine er tradisjonelt eit større eller mindre ilåt eller ei øskje som ein kan oppbevara eller bera ting i. I Noreg har ulike typar tiner vorte nytta innan landbruket. Tradisjonelt vart tinene sveipa i tre, og kaketiner vart gjerne rosemåla, pynta med kolroser eller med karveskurd. Av andre typar kan nemnast ulltine til å ha ull i, smørtine til å ha smør i og fisketine til å ha fisk i.
- Sjå òg kvinnenamnet Tine

Produksjon av tiner skjer gjerne som husflid. Moderne kaketiner i plast vert produsert industrielt, blant marknadsleiarane er Tupperware.
Remove ads
Bakgrunnsstoff
- Norsk Folkemuseum med bilete av ulike typar Tine Arkivert 2007-09-27 ved Wayback Machine.
- «DigitaltMuseum: Søk: 'kaketine'». DigitaltMuseum. Henta 06. mars 2012.
Sjå òg
- Varemerket Tine - Varemerke som vert nytta av Tine BA
- Tine BA - eit norsk meieri- selskap, tidlegare Norske Meierier
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads