Tinghaug i Klepp
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Tinghaug er det høgaste punktet på Låg-Jæren med ei høgd på 102 moh. Namnet viser til at haugen har vore nytta som tingstad.[1] I området er det funne mange fornminne. Tinghaug ligg i Klepp kommune, like ved grensa til Time kommune. Stadnamn med gudenamnet Frøy finst det mange av nær ved, som til dømes Frøyland og Frøylandsvatnet.

Ved Tinghaug finst det fleire gravhaugar: Krosshaug, Grønhaug og Dysjane. På sørvestsida av haugen har ein funne 16 såkalla gullgubbar, rituelle gullbrikker.[2]
Tinghaug er den høgaste toppen på Tu. Frå toppen kan ein sjå ned til Bryne, Kleppe, havet og fjella. På Tinghaug er det òg tre små bunkerar som blei brukte under den 2. verdskrigen. Det er laga ein song om Tu som nemner «Tinghaug som eit utsiktspunkt».[treng kjelde]
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads