Tinseltown Rebellion

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Tinseltown Rebellion er eit dobbelt konsertalbum av Frank Zappa frå 1981. Albumet kom til etter at Zappa skrinla dei planlagde albuma Warts and All og Crush All Boxes, og består av songar som var meint for desse albuma.

Meir informasjon Frank Zappa-kronologi, Singlar frå ...

Tekstane fokuserer på seksualitet, popkultur og andre tema. Tittelsporet er ein satirisk tekst om punkrockmiljøet, og skildrar eit band som prøver å tilpasse stilen sin for å få ein platekontrakt. Albumet inneheld òg omarbeidingar av tidlegare Zappa-songar, som «Love of My Life», «I Ain't Got No Heart», «Tell Me You Love Me», «Brown Shoes Don't Make It» og den tredje utgåva av «Peaches En Regalia», kalla «Peaches III».

Remove ads

Produksjon

Tinseltown Rebellion vart laga ut av to album som Zappa opphavleg hadde planlagt etter at han bygde sitt eige heimestudio, Utility Muffin Research Kitchen, Warts and All og Crush All Boxes. Warts and All var meint som eit trippelt konsertalbum, medan Crush All Boxes i hovudsak skulle bestå av studioinnspelingar.[1]Warts and All nærma seg slutten, fann Zappa ut at prosjektet var «uhandterleg» på grunn av lengda, og skrinla det, og starta så på Crush All Boxes.[2] Mot slutten av produksjonen av Crush All Boxes, valde Zappa å redde det skrinlagde Warts and All og gje ut ei rekkj album som nytta songane frå dette albumet: You Are What You Is, Tinseltown Rebellion og to seriar med konsertalbum, Shut Up 'N Play Yer Guitar og You Can't Do That On Stage Anymore.[1]

Opningssporet «Fine Girl» er ei studioinnspeling opphavleg meint for Crush All Boxes, i lag med ein tidleg miks av konsertopptaket «Easy Meat».[1] Tinseltown Rebellion-versjonen av «Easy Meat» har mange fleire lydspor frå studio, enn versjonen som var meint for Crush All Boxes.

På omslaget for Tinseltown Rebellion kan ein framleis sjå tittelen Crush All Boxes med den nye albumtittelen måla over. Omslaget vart designa av Cal Schenkel, og inneheld stillbilete frå filmen Freaks, regissert av Tod Browning.

Det meste av Tinseltown Rebellion består av konsertopptak utan lydspor frå studio frå 1979 til seint i 1980. Albumet var første innspelinga til gitaristen Steve Vai. Albumet introduserer òg trommeslagaren David Logeman, som spelte trommer frå mars til juli 1980, på spora «Fine Girl» og «Easy Meat». Han spelte òg trommer på heile albumet You Are What You Is.

Remove ads

Utgjeving

Albumet vart gjeve ut som ein enkel CD av Rykodisc i 1990. Ein uautorisert CD hadde tidlegare vore gjeve ut av EMI i England i 1987. Lydkvaliteten på CD-utgåva var dårleg og han vart mastra på ny av Spencer Chrislu i 1998.

Mottaking

Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...

Allmusic-skribent Steve Huey hylla instrumentalane på albumet og omarbeidinga av dei eldre songane, men skildra dei seksuelt ladde tekstane som «problematiske».[3]

Innhald

Alle spor skrivne av Frank Zappa

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Remove ads

Medverkande

Musikarar

  • Frank Zappa – sologitar, vokal
  • Arthur Barrow – bass & vokal
  • Vinnie Colaiuta – trommer
  • Warren Cuccurullo – rytmegitar & vokal
  • Bob Harris – klaverinstrument, trompet & høg vokal
  • David Logeman – trommer på «Fine Girl» og første halvdelen av «Easy Meat»
  • Ed Mann – perkusjon
  • Tommy Mars – klaverinstrument & vokal
  • Patrick O'Hearn – bass på «Dance Contest»
  • Steve Vai – rytmegitar & vokal
  • Denny Walley – slidegitar & vokal
  • Ray White – rytmegitar & vokal
  • Ike Willis – rytmegitar & vokal
  • Peter Wolf – klaverinstrument

Produksjon

  • Frank Zappa – arranger, produsent
  • Joe Chiccarelli – lydteknikar
  • George Douglas – lydteknikar
  • Tommy Fly – lydteknikar
  • Jo Hansch – mastering
  • Mark Pinske – lydteknikar
  • Cal Schenkel – plateomslag
  • Allen Sides – lydteknikar
  • Bob Stone – remixing, remastering, digital remastering (1990)
  • Spencer Chrislu - digital remastering (1996)
  • John Williams – grafikk
Remove ads

Salslister

Album - Billboard (Nord-Amerika)

Meir informasjon År, Liste ...

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads