Tirunesh Dibaba

From Wikipedia, the free encyclopedia

Tirunesh Dibaba
Remove ads

Tirunesh Dibaba Kenene (fødd 1. juni 1985) er ein etiopisk langdistanseløpar. Ho spesialiserer seg på 5000 meter og 10000 meter og er regjerande olympisk meister på den sistnemnde distansen. I tillegg held ho verdsrekorden på 15 kilometer og på 5000 meter (frå Bislett Games, 2008). Ho fekk Bislett-medaljen for denne prestasjonen.[1][2] I tillegg har ho VM-gull frå 2003, 2005 og 2007.

Kjappe fakta

Tirunesh Dibaba fekk sin fyrste OL-medalje under sommar-OL 2004 i Athen då ho sprang inn til bronse på 5000 meter, bak gullvinnaren Meseret Defar frå Etiopia og Isabella Ochichi frå Kenya. Under sommar-OL 2008 i Beijing vann ho olympisk gull på både 5000 meter og 10 000 meter, og ho forsvarte gullet på 10 000 meter under sommar-OL 2012 i London. På 5000-meteren sprang ho inn til bronsemedalje, igjen med Meseret Defar på fyrsteplass og kenyanske Vivian Cheruiyot på andre.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads