Vivian Cheruiyot
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Vivian Jepkemoi Cheruiyot (fødd 11. september 1983) er ein kenyansk tidlegare friidrettsutøvar som tevla på langdistansane 5 000 m og 10 000 m. Ho vart verdsmeister på 5 000 meter i 2009 og 2011 og på 10 000 meter i 2011 og 2015. I 2016 vart ho olympisk meister på 5 000 meter.
Remove ads
Aktiv
Cheruiyot deltok i VM i friidrett 2007 i Osaka, der ho vann sølvmedaljen på 5 000 m, like bakom vinnaren Meseret Defar frå Etiopia. Under IAAF-finalane same året vann 5 000-meteren og vart nummer to på 3 000 m. Året etter kom ho på femteplass på 5 000 meter då Sommar-OL 2008 vart arrangert i Beijing.
Ved VM i friidrett 2009 i Berlin vart Cheruiyot verdsmeister på 5 000 meter, ein prestasjon ho gjentok i den neste verdsmeisterskapen, VM i friidrett 2011 i Daegu, der ho også vann milløpet. Sommaren 2011 gjorde ho sitt livs raskaste 5 000-meter då ho på Stockholms stadion vart klokka inn på 14,20,8, ny kenyansk rekord. Under Sommar-OL 2012 i London tok ho bronsemedaljen på 10 000 meter, med ny personleg rekord på 30.30,4.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
- VM 2007 i Osaka: Sølvmedalje på 5 000 m – 14.58,5, bakom Meseret Defar (14.57,9)
- OL 2008 i Beijing: Nr 4 på 5 000 m – 15.46,3
- VM 2009 i Berlin: Gullmedalje på 5 000 m – 14.57,9, framom Sylvia Kibet (14.58,3)
- VM 2011 i Daegu: Gullmedalje på 5 000 m og 10 000 m
- OL 2012 i London: Sølv på 5 000 m, bronse på 10 000 m
- VM 2015 i Beijing: Gullmedalje på 10 000 m – 31.41,3, framom Gelete Burka (31.41,7)
- OL 2016 i Rio de Janeiro: Gull på 5 000 m, sølv på 10 000 m
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Vivian Cheruiyot» frå Wikipedia på engelsk, den 16. august 2015.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads