Tiwi

From Wikipedia, the free encyclopedia

Tiwi
Remove ads

Tiwi (uttalt ˈtiːwi[2]) er eit australsk språk som er tala av tiwiar frå Nordterritoriet i Australia. Tiwiane kjem frå øyane Bathurst og Melville like nord for kysten av Austalia.

Kjappe fakta
Thumb
Utbreiinga av tiwi i høve til kringliggjande pamanyunganske språk nord i Australia.

Tiwi er eit isolert språk og er tradisjonelt polysyntetisk, det vil seie at enkeltord kan vera bygde av svært mange morfem. Språket har eit hundretals nominalar (noko liknande substantiv og adjektiv) som kan setjast saman med verb, ofte i ei ganske ulik form frå sine usamansette former.[3] Språkkontakt med europeiske språk (engelsk) har ført til store endringar i språket, slik at moderne tiwi er mykje meir analytisk enn det tradisjonelt le polysyntetiske språket, i tillegg til endringar i ordtilfanget. I ei undersøking frå 1993 snakka berre folk over 55 år tradisjonell tiwi, medan alle under 30 år snakka moderne tiwi.[4]

Remove ads

Døme

Døma under viser skilnaden mellom tradisjonell og moderne tiwi:

Tradisjonell tiwi
a-mpi-ni-watu-wujingi-ma-jirrikirnigi-yangurlimay-ami
ho-NPST-LOC-morgon-DUR-COM-lys-gå-MOV
Ho (sola) skin der borte om morgonen
(Bokstaveleg ho går der borte om morgonene med lys)
Moderne tiwi
japinari wokapat a-mpi-jiki-mi kutawu with layt
morgon går ho-NPST-DUR-gjera der med lys

Eit anna døme på tiwi er stadnamnet Wurrumiyanga, som tyder 'staden der sikadane bur'.[5]

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads