To Daddy
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«To Daddy» er ein countrysong skriven av Dolly Parton. Han vart framført av Emmylou Harris i 1978 på albumet hennar Quarter Moon in a Ten Cent Town og gjeven ut på singel. Singelen nådde tredjeplassen på Billboard's Hot Country-lista og er i dag den mest kjende versjonen av songen.
Remove ads
Innhald
«To Daddy» er sagt å skildre smerta mora til Parton kjende då ho ignorerte dei stundom sidespranga til ektemannen og mangelen på kjærleik frå han.[2] Vidare fortel songen om korleis mora hennar prøvde å gjere det beste for familien og vere så god mor for barna som mogeleg, og at ho stod ved mannen sin i vanskelege tider. Songen vert fortalt ut frå synspunktet til ei tenåringsjente, og mora verker å ikkje bry seg om at mannen hennar ignorerer ho og er kald, og avslutta kvart vers med «if she did, she never did say so to Daddy». I motsetnad til foreldra til Parton, som vart verande i lag, forlet til slutt mora i songen familien sin.
Remove ads
Mottaking
I 1979, kort tid etter at Emmylou Harris spelte inn songen, skildra magasinet Teenager songen som «ei slags O. Henry-novelle».[3] Billboard kalla songen «a fine interpretation».[4]
Harris si innspeling av songen kom òg ut på hyllestalbum Just Because I'm a Woman: Songs of Dolly Parton i 2003.
Andre versjonar
Parton si originalinnspeling av songen vart spelt inn i 1976, og var meint å kome ut på All I Can Do, men vart til slutt ikkje teken med her. Innspelinga hennar kom til slutt ut i 1995 på samlealbumet The Essential Dolly Parton One.
Salslister
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads