Tom Scholz
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Donald Thomas Scholz (fødd 10. mars 1947) er ein USA-amerikansk rockemusikar, låtskrivar, oppfinnar, lydteknikar og filantrop,[1][2] mest kjend som skipar og fast medlem av gruppa Boston.
Han kom inn i musikkindustrien på ein uvanleg måte. Han var ein MIT-utdanna ingeniør med interesse for musikk og designa sitt eige platestudio i kjellaren i huset sitt for å spele inn sin eigen musikk. Det første Boston-albumet vart hovudsakleg spelt inn i kjellarstudioet, ofte med apparat han designa og fann opp sjølv. Etter den første suksessen til bandet, skipa han Scholz Research & Development, Inc. for å utvikle og marknadsføre sine eigne oppfinningar, mange under merket Rockman. Han er blitt skildra av AllMusic som «ein notorisk 'ikkje-rock n' roll'-person som aldri likte å vere i rampelyset som artist», og som føretrekte å konsentrere seg heilt om musikk, produksjon og finne opp nytt elektronisk utstyr. I nyare år har han brukte mykje av pengane og tida si på veldedig arbeid.[3]
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads