Boston av Boston
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Boston er debutalbumet til det amerikanske rockebandet Boston. Det vart produsert av Tom Scholz og John Boylan,[5] og kom ut 25. august 1976 i USA på Epic Records.
Remove ads
Bakgrunn
Scholz hadde tatt timar i klassisk piano i barndomen og var involvert i musikkmiljøet i Boston i slutten av 1960-åra. Han byrja så å konsentrere seg om demoinnspelingar i kjellaren sin med songaren Brad Delp, og sjølv om den førre gruppa deira, Mother's Milk, hadde fått mange avvisingsbrev frå store plateselskap tidleg i 1970-åra, hamna demolydbandet deira i 1975 i hendene til det CBS-eigde Epic Records, som gav dei kontrakt.
Remove ads
Innspeling
Epic ønskte at bandet skulle spele inn plata i Los Angeles med ein plateprodusent, men Scholz var motvillig og ville helle rat plata skulle spelast inn i kjellarstudioet hans, så han leigde Boylan til å kommunisere med selskapet. Scholz lurte selskapet til å tru at bandet spelte inn plata på vestkysten medan mesteparten i røynda vart spelt inn av Scholz i heimen hans i Massachusetts. Albumet er ei komplett gjenskaping av demolydbandet og inneheld songar som var skrivne fleire år tidlegare. Stilen på albumet, som ofte vert omtalt som «Boston-stilen», vart utvikla gjennom kjærleiken Scholz hadde til klassisk musikk, melodiske riff og gitartunge rockegrupper som The Kinks og The Yardbirds, i tillegg til ei rekkje analoge, elektroniske effektar utvikla av Scholz i heimestudioet sitt. Scholz grunnla sidan Scholz Research & Development, Inc. for å marknadsføre mange av nyskapingane han utvikla under innspelinga av albumet.
Remove ads
Utgjeving
Albumet kom ut på Epic i august 1976 og selde ekstremt godt. Det braut alle salsrekordar og vart det bestseljande debutalbumet i USA til då.[6] Singlane på albumet, særleg «More Than a Feeling» og «Long Time», vart begge AM og FM-hittar, og nesten heile albumet vart mykje spelt på classic rock-radio. Albumet er blitt omtalt som ein milepåle i 70-talsrock. Albumet har selt 17 millionar eksemplar i USA og 25 millionar verda over.
Innhald
Alle songar av Tom Scholz, utanom der ander, er nemnde.
Remove ads
Medverkande
Boston
- Brad Delp – solo- og harmonivokal; akustisk gitar på «Let Me Take You Home Tonight»
- Tom Scholz – elektrisk gitar, sologitar utanom «Long Time» og «Let Me Take You Home Tonight» , akustisk gitar, clavinet, bassgitar, orgel, design, ommastering, notat i plateomslaget, produsent, lydteknikar
- Barry Goudreau – rytme- og sologitar på «Foreplay,» «Long Time» og «Let Me Take You Home Tonight»
- Fran Sheehan – bassgitar
- Sib Hashian – trommer utanom «Rock & Roll Band»
- Jim Masdea – trommer på «Rock & Roll Band»
Andre medverkande
- John Boylan – produsent
- Warren Dewey – lydteknikar
- Deni King – assisterande lydteknikar
- Bruce Hensel – assisterande lydteknikar
- Doug Ryder – assisterande lydteknikar
- Steve Hodge – mikseassistent
- Bill Ryan – ommastering
- Toby Mountain – ommastering
- Tom «Curly» Ruff – digital overføring
- Kim Hart – design
- Jeff Albertson – fotografi
- Ron Pownall – fotografi
- Gary Pihl – fotoredigering
- Roger Huyssen – illustrasjonar
- Gerard Huerta – bokstavering
- Joel Zimmerman – design på nyutgjeving
Remove ads
Salslister
Remove ads
Salstrofé
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads