Tone Float

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Tone Float er eit album av det tyske bandet Organisation. Organisation var ei tidleg utgåve av Kraftwerk, og gav berre ut dette albumet. Etter albumet kom ut starta medlemmar frå bandet Kraftwerk.

Meir informasjon Kraftwerk-kronologi ...
Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...
Remove ads

Bakgrunn

Albumet kom berre ut i Storbritannia og selde nokre få eksemplar i august 1969, og vert best hugsa fordi to av bandmedlemmane, Ralf Hütter og Florian Schneider-Esleben, seinare starta gruppa Kraftwerk. Det var produsert av Konrad «Conny» Plank.

‘Studioet låg midt eit oljeraffineri. Når me kom ut av døra kunne me høyre lyden av dei store flammane av avgassane som brann - alle slags industrilydar..’
Ralf Hütter[2]

Salet var dårleg og RCA valde å droppe bandet, som då vart oppløyst.

Albumet har aldri vorte offisielt gjeve ut på nytt, men det finst på piratkopierte CDar og LPar frå 1990-åra. Desse inneheld ofte bonusspor, feilaktig kalla «Vor dem blauen Bock», som i røynda er ein instrumental kalla «Rückstoss Gondoliere», frå ein konsert den 22. mai 1971 av Kraftwerk på TV-showet Beat-Club. Denne songen vart framført av den kortvarige varianten av Kraftwerk med Florian Schneider, Michael Rother og Klaus Dinger (Ralf Hütter hadde slutta i bandet i denne perioden for å studere arkitektur). Rother og Dinger starta sidan Neu!.

Remove ads

Innhald

Meir informasjon Nr., Tittel ...

Alle spor skrivne av Schneider-Esleben, Hauf og Mönicks

Meir informasjon Nr., Tittel ...

Medverkande

Bandmedlemmar
  • Ralf Hütter – Hammondorgel.
  • Florian Schneider-Esleben – elektrisk fløyte, altfløyte, bjølle, triangel, tamburin, elektrisk fiolin, perkusjon
  • Basil Hammoudi – klokkespel, conga gong, speledåse, bongotrommer, perkusjon, vokal
  • Butch Hauf – bassgitar, shaker, småbjøller, plastikkhammar, perkusjon
  • Alfred Mönicks (omtalt som Fred Monicks) – trommer, bongotrommer, maracas, kubjølle, tamburin, perkusjon
Andre medverkande

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads