Toni Morrison
amerikansk skribent From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Toni Morrison (18. februar 1931–5. august 2019) var ein amerikansk forfattar. Ho er rekna som ei av dei viktigaste representantane for afroamerikansk litteratur og fekk i 1993 Nobelprisen i litteratur for forfattarskapen sin. Grunngjevinga var at ho var ei «som genom en romankonst präglad av visionär kraft och poetisk pregnans levandegör en väsentlig sida av amerikansk verklighet».[1][2]
Remove ads
Liv og virke
Toni Morrison var det andre barnet til Ramah Willis og George Wofford og voks opp i ein afroamerikansk arbeidarfamilie. Ho las mykje i barndomen; favorittforfattarar var Jane Austen og Leo Tolstoj. Takk vere faren fekk ho kjennskap til den afroamerikanske munnlege forteljartradisjonen.

I 1949 byrja ho å studere engelsk litteratur ved Howard University i Washington (D.C.), eit «svart» universitet. Ho blei Bachelor of Arts i engelsk i 1953 og Master of Arts ved Cornell University i 1955. Frå 1955 til 1957 underviste ho i engelsk litteratur ved ved Texas Southern University i Houston, og vendte i 1957 attende til Howard University, no som dosent. Året etter gifta ho seg med den jamaicanske arkitekten Howard Morrison som ho fekk to søner med. Etter at dei vart skilde i 1964, flytta ho til Syracuse i New York, der ho arbeidde som lærebokredaktør. Eit og eit halv år seinare fekk ho jobb som redaktør ved Random House sitt hovudkvarter i New York City. I løpet av dei seksten åra ho var her (frå 1967 til 1983) spelte ho ei viktig rolle i etableringa av afroamerikansk litteratur, og gav blant anna ut bøker av Toni Cade Bambara, Angela Davis og Gayl Jones.
Debutboka til Toni Morrison, The Bluest Eye, kom i 1970. Både dette verket og Sula (1974) fekk god kritikk, men det var først med Song of Solomon (1977) ho opplevde den store publikumssuksessen.
Remove ads
Bøker
- The Bluest Eye (1970, omsett til norsk som De blåeste øyne 1994)
- Sula (1973, Sula 1995)
- Song of Solomon (1977, Sangen om Salomon 1979)
- Tar Baby (1981, Dukke i bek 1981)
- Beloved (1987, Elskede 1988)
- Jazz (1992, Jazz 1992)
- Playing in the Dark (1993) (artiklar om litteratur, ikkje omsett til norsk; svensk utgåve Mörkt spel)
- Paradise (1998, Paradis, 1998)
- Love (2003, Kjærlighet, 2004)
- A Mercy (2008, En nåde, 2009)
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads