Tony Cox
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Tony Cox er ein britisk plateprodusent og arrangør. Han var viktig seint i 1960- og i 1970-åra innan utviklinga av folkrock og progressiv rock, og har sidan hovudsakleg arbeidd som komponist og orkestrator.
Karriere
Han byrja som musikar i 1966 og i ein duo i lag med Douglas MacRae-Brown og albumet The Young Idea i 1967,[1] og fekk ei hitsingel i Storbritannia med ein versjon av The Beatles-songen «With a Little Help from My Friends».[2] Som produsent arbeidde han med artistar som Trees[3] og Mick Softley.[4] Han var tidleg ute med å spele EMS VCS 3-synthesizer og i 1971 spelte han på Spirogyra-albumet St. Radigunds,[5] og Mike Heron-albumet Smiling Men With Bad Reputations. I 1972 spelte han piano med The Bunch i lag med Sandy Denny på vokal,[6] og i 1976 spelte han synth på Martin Carthy-albumet Crown Of Horn.[7]
I 1974 skipa han Sawmills Studios i Cornwall,[8] eit av dei første heimestudioa i Storbritannia.[9]
I 1978 gifta han seg med visesongaren Lesley Duncan,[10] og produserte singelen hennar «The Magic's Fine».[11]
Remove ads
Arbeid
Produsent
Arrangør og orkestrering
- Family
- Yes
- Renaissance
- John og Beverley Martyn
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads