With a Little Help from My Friends
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Remove ads
«With a Little Help from My Friends» er ein song skriven av John Lennon og Paul McCartney, og gjeve ut på The Beatles-albumet Sgt. Pepper’s Lonely Hearts Club Band i 1967. Songen vart skriven for og sunge av trommeslagar i Beatles, Ringo Starr.
What would you think if I sang out of tune, |
Remove ads
Opphav
Lennon og McCartney skreiv songen ferdig i midten av mars 1967[1] for at Starr skulle få ein song på albumet. Han vart ei kort stund kalla «Bad Finger Boogie» (seinare inspirasjon for bandnamnet Badfinger[2]), visstnok fordi Lennon skreiv songen på piano ved hjelp av langefingeren etter at peikefingeren var skadd.
Lennon og McCartney skreiv med vilje songen innanfor eit avgrensa register - bortsett frå den siste tonen, som McCartney arbeidde med Starr for å oppnå.
Starr insisterte på å endre teksten i den første linja som opphavleg var «What would you do if I sang out of tune? Would you throw ripe tomatoes at me?» Dette kom av at han var redd fansen ville kaste tomatar på han om han skulle spele songen på konsertar. Tidlegare hadde George Harrison nemnt at han likte seigmenn, og mange kasta slike på bandet under konsertane deira.[3]
Bandet starta innspelinga av songen same dag som dei tok bileta for omslaget til Sgt. Pepper, 30. mars 1967.
Rolling Stone plasserte songen på 304. plass på lista deira over dei 500 største songane gjennom tidene.
Remove ads
Medverkande
I følgje Ian MacDonald, utanom der anna er nemnt:[4]
- Ringo Starr – solovokal, trommer
- John Lennon – korvokal, kubjølle
- Paul McCartney – korvokal, piano, bassgitar
- George Harrison – korvokal, rytme-[5] og sologitar
- George Martin – Hammondorgel
Andre utgåver
Songen har vore øvst på den britiske singellista tre gonger. Ein gong då han vart spelt inn av Joe Cocker i 1968, ein andre gong med Wet Wet Wet i 1988 og til slutt då han vart sungen av Sam and Mark i 2004. Cocker syng ein versjon av songen på Woodstock i 1969 og denne er med i dokumentarfilmen om konserten, 3 Days of Peace og Music. I 1976 spelte Jeff Lynne frå ELO inn ein versjon av songen.
Wet Wet Wet si utgåve kom ut 9. mai 1988 og låg fire veker på toppen av den britiske singellista.
Joe Cocker-versjonen
Joe Cocker si utgåve er radikalt omarrangert med mykje lågare tempo i 6/8-takt og med forskjellige akkordar i mellomapartiet og eit lengre instrumentalparti i starten (med gitar frå Jimmy Page). Denne versjonen har vorte ein av Joe Cocker sine mest kjende songar. I Noreg låg singelen til Cocker 8 veker på VG-lista Topp 10, men kom aldri høgare enn femte plass.
- Medverkande
- Joe Cocker – solovokal
- Jimmy Page – gitar
- Chris Stainton – bass
- Tommy Eyre – organ
- B.J. Wilson – trommer
- Madeline Bell – korvokal
- Rosetta Hightower – korvokal
- Patrice Holloway – korvokal
- Sunny Wheetman – korvokal
Remove ads
Bakgrunnsstoff
- How B.J. Wilson Rescued a Classic Joe Cocker Track Arkivert 2013-02-22 ved Archive.is – om innspelinga av Joe Cocker si utgåve.
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads