Tor Alsaker-Nøstdahl

norsk fotballspelar From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Tor Ivar Alsaker-Nøstdahl (fødd 19. februar 1945) er ein norsk tidlegare fotballspelar og idrettsleiar frå Drammen. Han spelte 16 sesongar på Strømsgodset IF og vart cupmeister tre gongar og seriemeister ein gong.

Kjappe fakta

Alsaker-Nøstdahl spelte 329 obligatoriske kampar for Strømsgodset i tida 1962-77. Han var med på å spele laget opp frå 4. divisjon til 1. divisjon i løpet av få sesongar. Frå slutten av 1960-åra og til midt på 1970-talet var laget eit av dei aller beste i Noreg, med sigrar i NM-cupen i 1969, 1970 og 1973, samt seriemeisterskap i 1970.

I tida frå 1967 til 1972 spelte Alsaker-Nøstdahl 10 landskampar, alltid frå sin vande midtstopparplass. Han utmerkte seg ved si store fart.

Seinare var Alsaker-Nøstdahl formann i Strømsgodset Idrettsforening, i 1999 utnemnd til heidersmedlem.

Remove ads

Merittar

  • Norsk meister: 1969, 1970 og 1973 med Strømsgodset
  • Seriemeister: 1970 med Strømsgodset

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads