Tor Obrestad

norsk diktar From Wikipedia, the free encyclopedia

Tor Obrestad
Remove ads

Tor Obrestad (12. februar 193825. januar 2020)[1] var ein norsk forfattar. Han gav ut romanar, noveller, dikt, gjendiktingar, skodespel og biografiar.

Kjappe fakta
Remove ads

Liv og forfattarskap

Tor Obrestad vart fødd i Jæren og tok lærarutdanning, som han avslutta i 1963. Deretter drog han til Oslo for å studera engelsk. Han debuterte i 1966 med diktsamlinga Kollisjon, som han fekk og novellesamlinga Vind, noko han fekk Tarjei Vesaas' debutantpris for. Året etter gav han ut ei gjendikting av William Blake.

Forfattaren var sterkt involvert i det radikale kunstnarmiljøet i 1960-åra. Han var med i gruppene rundt tidsskrifta Profil og Syn og Segn, sat i redaksjonen til Fossegrimen og vart seinare redaksjonssekretær i Vinduet. Obrestad var òg med på å stifta det første marxist-leninistiske lokallaget i Groruddalen. Som den gode sosialistiske forfattaren han var skreiv han om streiken i Sauda i 1970 (Sauda! Streik!, 1972), og Hammerverk-konflikten (Stå på!, 1976).

Tor Obrestad har stått for fleire utgjevingar om Jæren og om menneske med tilknyting til landskapet, som Arne og Hulda Garborg og Alexander Kielland. Obrestad verka òg som bokmeldar i Aftenposten og Stavanger Aftenblad. Han fekk Noregs Mållags barnebokpris i 1985.

Remove ads

Verkliste

Dikt

  • Kollisjon. 1966
  • Vårt daglege brød. 1968
  • Den norske løve. 1970
  • Sauda og Shanghai. 1973
  • Stå saman. 1974
  • Vinterdikt. 1979
  • Misteltein. 1987
  • Mimosa, myosotis, rosmarin. 1994
  • Ohrid. 1999
  • Himmelen over Vålandskogen. 2009

Noveller

  • Vind. 1966
  • Tolken. 1975
  • Sjå Jæren, gamle Jæren. 1982
  • Forsøk på å halda fast tida. 1993
  • Kvinnene i Casablanca og andre historier. 2002

Romanar

  • Marionettar. 1969
  • Sauda! Streik! 1972
  • Stå på! 1976
  • Ein gong må du seie adjø. 1981
  • Seks netter, seks dagar. 1989
  • Bernhards mor. 1998
  • Krokodillen Alexander og navigator emeritus, Reinert i Sjøhusgaten. 2001
  • Vi skal kle fjellet med menneske og våpen. 2006

Barnebøker

  • Reisa til bestemor. 1980
  • Kamelen i Jomarskogen. 1985

Atterdiktingar

  • William Blake . 1967
  • Dagbok frå fengslet. Gjendiktning av Ho Chi Minh . 1969
  • Mao Tsetungs dikt. 1970 (sm.m. Kjell Heggelund)
  • Utvalde dikt av Robert Bly . 1972 (sm.m. Olav H. Hauge, Paal-Helge Haugen og Einar Økland)
  • Heimlandet mitt. Gjendikting av Giang Nam . 1978
  • Raymond Carver: Men sjela er også ein glatt dævel. Gjendikting av . 1988
  • Anna Swirszczynska: Eg er kvinnfolk. 1990
  • Dylan Thomas: 30 dikt. 1996
  • Ren Powell: Fairy tales and soil. 1999
  • Mansur Rajih: Horoskop: fengsel? Horoskop: kjærleik. 2000
  • Bohumil Hrabal: Dansetimar for eldre og vidarekomne. 2003
  • Mansur Rajih: Langt borte: så nær. 2003

Sakprosa

  • Oljearbeidarar. 1977
  • Tenningar. Skrivestykke gjennom 20 år. 1986
  • Arne Garborg. Ein biografi. 1991
  • Hulda. Biografi. 1992
  • Om Fred og nihil. Ei nylesing av Fred. 1994
  • Sannhetens pris. Alexander Kielland. 1996
  • Den lengste historia. Rogaland 10 000 f.Kr.-1350 e.Kr. 2004
  • Søk. 13 artiklar om litteratur. 2005
  • Einar Førde. Ein biografi. 2007
Remove ads

Pristildelingar

Kjelder

Loading content...

Bakgrunnsstoff

Loading content...
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads